Allehande
| Allehande | |
Allehande | |
| Status | |
| Status i verda: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Myrteordenen Myrtales |
| Familie: | Myrtefamilien Myrtaceae |
| Underfamilie: | Myrtoideae |
| Stamme: | Myrteae |
| Slekt: | Pimenta |
| Art: | Allehande P. dioica |
| Vitskapleg namn | |
| Pimenta dioica | |
Allehande; òg kalla nellikpepar (Pimenta dioica, tidegare Pimenta officinalis), er eit eviggrønt, om lag 10 meter høgt tre som har sitt opphav på Jamaica og Mellom-Amerika. Frøa i fruktene blir brukte som krydder. Dei blir hausta før dei er modne og sidan tørka.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Under Christofer Columbus' andra reise til Karibia fann ekspedisjonen allehandetre. Dei meinte det var pepartre, sidan frøa liknar.[1]
Då England tok makta i Jamaica omkring 1655 kom handelen med allehande i gang. Krydderet fekk ulike namn, som engelsk allspice, fransk toute-épice, dansk allehånde og svensk kryddpeppar.[2]
Krydderet vart mellom anna brukt på flesk for å døyve harsk smak. I Frankrike vart allehande brukt i likørar.
Allehande blir hovudsakleg brukt i Mellom-Amerika, Storbritannia og i Skandinavia[1] - skandinavene kjøper ein tredel av allehanden som blir omsett på verdsmarknaden Allehande inneheld eugenol, som er ein sterk antioksidant.[1]
- Bilete
- Frøa av allehande, som blir brukt som krydder.
- Allehandeblad.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Vetlesen, Kari: Kryddlexikon: världens alla kryddor från A till Ö, Optimal, Sundbyberg 2012 (swe). ISBN 978-91-7241-242-2. Libris 12479560.
- ↑ «Kryddpepparträd». Shenet. Henta 15. mars 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Kryddpeppar» frå Wikipedia på svensk, den 19. desember 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Allehande i Catalogue of Life
- (en) Allehande i Encyclopedia of Life
- (en) Allehande i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Allehande hos ITIS
- (en) Allehande hos NCBI
- (en) Allehande hos Plants of the World Online
- (en) Allehande hos The International Plant Names Index
- (en) Allehande hos Tropicos
- (en) Kategori:Pimenta dioica – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Pimenta dioica – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Pimenta dioica – detaljert informasjon på Wikispecies