Alloa Inch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alloa Inch med dei forlatne husa

Inch eller Alloa Inch (skotsk-gælisk Innis) er ei øy i tidvassområdet til River Forth nær Alloa, like før elva munnar ut i Firth of Forth.

Det ligg eit forlate gardshus på øya og øya vart tidlegare dyrka. På grunn av subsidens frå kolgruvedrift i nærleiken vart det flaum på øya. Øya består i dag av siv og marskland.[1]

Scottish Wildlife Trust har styrt øya som eit reservat sidan 1996.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Alloa Inch». Gazetteer for Scotland. Henta 8. februar 2010. 
  2. Scottish Wildlife Trust

Koordinatar: 56°6′21″N 3°48′52″W