The Lamb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Lamb
øy
Land  Storbritannia
Kart
Lamb
56°4′12″ N 2°44′56″ W
Wikimedia Commons: Lamb (island)

The Lamb, stundom kalla Lamb Island eller berre Lamb, er ei lita øy, 100 meter lang og 50 meter brei, mellom øyane Fidra og Craigleith i Firth of Forth, utanfor søraustkysten av Skottland.[1] Ein kan kome til The Lamb med båt frå North Berwick, men det er ingen kaianlegg og lite å sjå på øya.

Mellom The Lamb ligg to «sauehunder» - North og South Dog Islands[1] - som er to små skjer.

Som andre øyar utanfor North Berwick vart the Lamb skapt av vulkansk aktivitet for millionar av år sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Overview of Lamb». Gazetteer for Scotland. Henta 10. februar 2010. 

Koordinatar: 56°4′8″ N 2°44′53″ W