Allotropi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Allotrope former)
Gå til: navigering, søk

Allotropi (av gresk ἄλλος (allos) «annan» og τρόπος (tropos) «form») er nokre grunnstoff si evne til å finnast i to eller fleire former, i same aggregattilstand, som allotropar eller allotrope former av desse grunnstoffa. Det vil seia at atom av same grunnstoff kan bindast saman på ulike måtar. Dei ulike formene har ulike kjemiske og fysiske eigenskapar.

Karbon (diamant, grafitt og fullerenar) og fosfor (som kvitt fosfor og raudt fosfor) er kjende døme på grunnstoff med fleire allotrope former.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]