Grunnstoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit grunnstoff er eit stoff som ikkje kan skiljast i fleire stoff ved konvensjonelle kjemiske metodar. Det består av atom med same atomnummer, det vil seia same talet proton i atomkjernen. Atoma kan vera av ulike isotopar, altså med ulikt tal nøytron og ulik atommasse, men dei kjemiske eigenskapane er i hovudsak avhengige av protontalet.

Dei fleste stoffa rundt oss er bygde opp av eit lite tal grunnstoff som finst i store mengder på jorda. Den store variasjonen i materiale kjem rundt oss kjem frå at grunnstoffa er bundne saman på svært ulike måtar, som molekyl.

Så langt (2004) er det oppdaga 116 grunnstoff, men berre 90 av dei finst i naturen. [1]Dei siste stoffa er blitt til ved kjernefysiske reaksjonar framkalla av menneske. Desse er radioaktive stoff med svært kort halveringstid, og er forsvunne frå jorda sidan ho og dei blei til.

Så vidt me veit er hydrogen, det enklaste grunnstoffet, òg det mest vanlege i universet, med helium på andreplass. På jorda er oksygen og silisium dei vanlegaste grunnstoffa, og me finn dei særleg i ulike mineralsambindingar.

Ein får stoff som er bygd opp av molekyl dersom grunnstoff som er ikkje-metall reagerer med kvarandre. Dersom eit stoff som er metall og eit anna som er ikkje-metall reagerer, vil dette gje eit stoff som er bygd opp av positive og negative ioner. Slike stoff blir kalla ionesambindingar eller salt.[1]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eureka! 9 av Merete Hannisdal, John Haugan og Morten Munkvik. ISBN 978-82-05-33429-8