Hopp til innhald

Alma Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alma Lund

Fødd30. april 1854
FødestadÅbo
Død9. oktober 1932 (78 år)
DødsstadOslo
Verka somskodespelar, filmskodespelar, operasongar
EktefelleBjarne Lund

Alma Mariane Lund (30. april 18549. oktober 1932), fødd Wikstrøm, var ein finsk-norsk operasongar og skodespelar. Ho song sopran.

Lund var fødd i Åbo. Ho var tilsett ved den finske nasjonaloperaen i Helsingfors og seinare ved Den Nationale Scene i Bergen. Ho var ein av fleire bergenske skodespelarar som drog til det nye Nationaltheatret då detta opna i 1899. Her song ho i koret ved teateret, som òg var faste statistar i oppsetjingar. Ho hadde også ein del småroller og songroller. Marta i Faust var den største oppgåva ho hadde. Ho trekte seg tilbake frå teateret i 1920.

Alma Lund hadde den kvinnelege hovudrolla i den første norske spelefilmen, Fiskerlivets farer frå 1907. Ho var gift med operasongaren Bjarne Lund (1858–1894).