Alofi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alofi
Horisonten til Alofi
Horisonten til Alofi
Styresmakter
Land
Landsby
Niue
Alofi North og Alofi South
Geografi
Flatevidd 46,48 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)

581
Høgd over havet 21 m
Tidssone UTC-11 (UTC-11)
Diverse anna
Heimeside: http://niuevillage.com/niue/export/sites/NTO/alofisouth.html
Plassering
Alofi på Niue.
Alofi på Niue.
Alofi på Niue.

Alofi er hovudstaden på den sjølvstyrande øya Niue i Stillehavet. Staden har 581 innbyggjarar (2006), og er med dette verdas minste hovudstad etter folketal.

Alofi er den største tettstaden på øya, og eit sosialt og økonomisk sentrum. Staden ligg midt i Alofivika på vestkysten av Niue, nær det einaste passet gjennom korallrevet som omringar øya. Han er delt inn i Alofi nord og Alofi sør, der regjeringsbygningane ligg.

Staden har ekvatorialklima (tropisk regnskogklima) etter Köppen si klimaklassifisering, utan noka særleg tørketid. Frå juni til september har han likevel litt mindre nedbør enn elles. Gjennomsnittstemperaturen held seg rundt 25 ° C året rundt.

I januar 2004 blei Niue ramma av ein tropisk syklon som drap to personar og forårsaka store skader på bygningar i Alofi, mellom anna sjukehuset der. Etter dette blei dei offentlege bygningane flytta lengre inn på land til mindre utsette område.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]