Tropisk regnskogklima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tropisk regnklima i verda.

Tropisk regnskogklima, òg kalla ekvatorialklima, er eit tropisk klima, som ein vanlegvis (men ikkje alltid) finn langs ekvator. Regionar med dette klimaet har ofte tropiske regnskogar og er i Köppen si klimaklassifisering klassifisert som «Af».

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Tropisk regnklima er eit tropisk klima der det ikkje finst tørketid - alle månadane har minst 60 mm nedbør. Tropisk regnklima har ikkje noko fråskild sommar og vinter, og er typisk varm og våt året gjennom med både ofte og tung nedbør. Vêret er mykje likt frå dag til dag, og temperaturskilnaden mellom dag og natt er som regel større enn temperaturskilnaden mellom «sommar» og «vinter».

Fordeling[endre | endre wikiteksten]

Tropisk regnklima finn ein vanlegvis på breiddegrader innanfor fem grader nord og sør for ekvator, som er dominert av den intertropiske konvergenssona. Tropisk regnklima finn ein derimot i mindre område òg andre stader, og ikkje alle områda langs ekvator har tropisk regnklima.

Somme stader med dette klimaet har nesten uendra vêr året gjennom (den nordvestlege stillehavskysten i Sør- og Mellom-Amerika, frå Ecuador til Costa Rica, men i mange tilfelle er perioden med høg sol og lengre dagar mykje våtare (som i Palembang i Indonesia) og somme stader er tida då sola står lågast våtast (som i Sitiawan i Malaysia).

I tillegg finn ein tropisk regnklima utanfor ekvatoriområdet, til dømes i Santos i Brasil og Fort Lauderdale i USA, som ikkje berre ligg utanfor ekvator, men òg ligg like utanfor tropane.

Klimatiske kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

  • Breiddegradene ligg vanlegvis under lågtrykksbeltet i stillebeltet året rundt, og har derfor nesten ingen fråskilde årstider.
  • Sola står nesten vertikalt midt på dagen, og er direkte over hovudet to gonger i året, ved jamdøger.
  • Døgnmiddeltemperaturen er vanlegvis kring 27 °C året rundt. Omfattande skydekke og kraftig nedbør hindrar store temperaturskilnader mellom dagaen, og temperaturen stig sjeldan over 33 °C.
  • Temperaturen endrar seg vanlegvis mellom 2 til 5 °C gjennom døgnet, som er større enn årlege variasjonen av døgnmiddeltemperaturen på berre 2 °C.
  • Det kjem mykje regn, som vanlegvis er konvektiv (regnbyer).

Kjende byar med tropisk regnklima[endre | endre wikiteksten]

Afrika Americas

Asia/Stillehavet

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima(BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)