Aloha 'Oe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Omslaget av «Aloha ʻOe», 1890
Dronning Liliuokalani i 1908.

«Aloha ʻOe» (Farewell to Thee) er den mest kjende songen til dronning Liliʻuokalani av Hawaii og eit felles kultursymbol for Hawaii. Soga om opphavet til songen har fleire variantar.[1] Dei har alle til felles at songen var inspirert av ein farvelklem som oberst James Harbottle Boyd gav prinsesse Liliʻuokalani i 1877 eller 1878 ved Boyd ranch i Maunawili på vindsida av Oʻahu, og at dei som var med i følgjet nynna melodien på veg attende til Honolulu.

Hawaiʻi State Archives har bevart eit handskrive manuskript av Liliʻuokalani, datert til 1878, med notar til songen, teksten og den engelske omsetjinga til Liliʻuokalani. Manuskriptet har også ein merknad ho visstnok skreiv seinare: «Komponert i Maunawili 1878. Spelt av Royal Hawaiian Band i San Francisco august 1883 og vart særs populær.»[2]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Haʻaheo e ka ua i nā pali Proudly swept the rain by the cliffs
Ke nihi aʻela i ka nahele As it glided through the trees
E hahai (uhai) ana paha i ka liko Still following ever the bud
Pua ʻāhihi lehua o uka The ʻāhihi lehua[3] of the vale
Hui: Refreng:
Aloha ʻoe, aloha ʻoe Farewell to thee, farewell to thee
E ke onaona noho i ka lipo The charming one who dwells in the shaded bowers
One fond embrace, One fond embrace,
A hoʻi aʻe au 'Ere I depart
Until we meet again Until we meet again
ʻO ka haliʻa aloha i hiki mai Sweet memories come back to me
Ke hone aʻe nei i Bringing fresh remembrances
Kuʻu manawa Of the past
ʻO ʻoe nō kuʻu ipo aloha Dearest one, yes, you are mine own
A loko e hana nei From you, true love shall never depart
Tomago: Refreng?:
Maopopo kuʻu ʻike i ka nani I have seen and watched your loveliness
Nā pua rose o Maunawili The sweet rose of Maunawili
I laila hiaʻia nā manu And 'tis there the birds of love dwell
Mikiʻala i ka nani o ka liko And sip the honey from your lips
Hui Refreng

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

I Disney-filmen Lilo & Stitch (2002) vart eit lite utdrag av songen sungen av Nani, og igjen i filmane Leroy & Stitch[4][5] og Lilo and Stitch 2: Island Favorites.[6]

Songen er òg spelt i mange episodar av SpongeBob SquarePants, men då som instrumental.

Jack London-novella Aloha Oe inneheld refrenget av songen.[7]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon vart omsett til tysk av Peter Orloff og kalla «Aloha-oe, bis wir uns wiedersehen», gjeven ut av Nina & Mike i 1980.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Queen's Songbook, by Her Majesty Queen Liliʻuokalani, Hui Hanai, Honolulu, 1999, s. 38-39
  2. gallery.hawaii.gov
  3. A Hawaiian flower (Metrosideros tremuloides)
  4. «Lilo and Stich Aloha 'Oe». wn.com. Henta 9. november 2016. 
  5. «Lilo and Stich Versions of Aloha Oe». History of Hawaii. Henta 9. november 2016. 
  6. Phares, Heather. «Lilo & Stitch 2: Island Favorites». All Music. Henta 9. november 2016. 
  7. London, Jack. The Complete Short Stories of Jack London, Volume 1. Google Books. Henta 28 April 2014.