Metrosideros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Metrosideros
MetrosiderosAK.jpg
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Myrtefamilien Myrtaceae
Underfamilie: Myrtoideae
Stamme: Metrosidereae
Slekt: Metrosideros
Gaertn., 1788

Metrosideros er ei slekt av buskar og tre i myrtefamilien. Ho omfattar rundt 50 artar i område frå sørlege Afrika til Oseania og Stillehavet.[1] Slektsnamnet Metrosideros er avleidd frå gamalgresk metra eller 'kjerneved' og sideron eller 'jern', og viser til at plantane i slekta har svært hard ved.[2] Nokre av artane har iaugefallande blomar danna av ei rekkje støvberarar, og fleire blir brukt som prydplantar.[1]

Metrosideros-artar kan veksa på vanskelege stader, som klippegrunn eller ny lava. Andre kan veksa som ved-dannande lianar opp andre tre.

Matrosideros-artar i ulike område[endre | endre wikiteksten]

Det finst tolv endemiske Metrosideros-artar på New Zealand. Ein av dei, pōhutukawa (Metrosideros excelsa), er eit newzealandsk symbol som blir brukt som hagetre og juleplante, sidan det blømer med raude blomar rundt juletider. Andre kjende artar er nordleg rata (M. robusta) og sørleg rata (M. umbellata).[3]

Hawaii er ‘ōhi‘a, ‘ōhi‘a lehua eller lehua (M. polymorpha) eit utbreidd og folkekjært tre. Også dette treet har fargesterke blomar i mange fargevariantar.[2]

Artar[endre | endre wikiteksten]

Ny-Caledonia

Sør-Amerika

Sør-Afrika

New Zealand

Ny-Guinea

Filippinane

Hawaii

Fransk Polynesia og Cookøyane

Fiji, Samoa og Vanuatu

Solomonøyane

Lord Howe-øya

Ogasawara-øyane




Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Allaby, Michael, red. (2012). «Metrosideros». A Dictionary of Plant Sciences. Oxford University Press. 
  2. 2,0 2,1 Donald R. Hodel; Paul R. Weissich. «Trees in the landscape, Part 5: Metrosideros polymorpha» (PDF). 
  3. «Metrosideros in cultivation: Pōhutukawa» (PDF). New Zealand Garden Journal 13 (1): 10–22. 2010. Henta 2017-12-07. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]