Altasimut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein newtonsk spegelteleskop på eit enkelt altasimutstativ.
Ein heliostat ved THÉMIS eksperimentstasjon i Frankrike. Spegelen roterer på eit altasimutstativ.

Altasimut er eit astronomisk apparat til måling av høgd og asimut, òg kalla universalinstrument, fordi det erstattar fleire instrument, som kvadrant, teodolitt og passasjeinstrument. Altasimut består av ein kikkert som kan dreiast vertikalt om ein vassrett og horisontalt om ein loddrett akse. Storleiken til dreiinga vert lese av på kvar sin inndelte sirkel, forsynt med mikroskop-noniar.

Namnet kjem av latinsk altus, som tyder «høg», og arabiske as-sunûth som tyder «veg».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]