Amanda Seyfried

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amanda Seyfried
Amanda Seyfried Tusk 03 (15281757871) (cropped).jpg
Fødd 3. desember 1985
Allentown
Yrke skodespelar, songar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, singer-songwriter, modell, komponist, stemmeskodespelar
Amanda Seyfried på Commons

Amanda Seyfried (fødd 3. desember 1985) er ein skodespelar, sopransongar og modell frå Allentown i Pennsylvania i USA.

Amanda Seyfried begynte å jobba som modell allereie som 11-åring, men slutta med det året ho fylte 17. Medan ho framleis var i tenåra tok ho songtimar og studerte opera. Den fyrste skodespelarjobben hennar var ei rolle i såpeserien As the World Turns 1999-2001, som då hadde gått samanhengande på amerikansk fjernsyn sidan 1956. Den fyrste filmrolla hennar var Lindsay Lohan-filmen Mean Girls (2004).

I 2008 fekk ho rolla som Sophie i ABBA-musikalfilmen Mamma Mia!, der ho song fleire ABBA-klassikarar for filmlerretet. Filmen hjelpte henne å bryta gjennom internasjonalt som skodespelar. Ho har seinare spelt hovudrolla i filmane Jennifer's Body (2009), Chloe (2009), Dear John (2010), Letters to Juliet (2010), In Time, samt Raudhette-filmen Red Riding Hood (2011).

I 2012 spela ho Cosette i Tom Hoopers filmatisering av musikalen Les Misérables, med m.a. Hugh Jackman, Anne Hathaway og Eddie Redmayne. Same året spela ho hovudrolla i Gone og året etter i Lovelace.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]