Pennsylvania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Commonwealth of Pennsylvania
Delstatsflagg for Pennsylvania Delstatsvåpen
Kallenamn: The Keystone State
Sambandsstaten Pennsylvania
Hovudstad Harrisburg
Største by Philadelphia
Guvernør Tom Wolf
Offisielle språk Ingen
Storleik 119 283 km²
 - Areal, land 116 074 km²
 - Areal, vatn 3 208 km² (2,7%)
Folketal (2000) 12 281 054
Folketettleik 105,8 /km²
Sambandsstat sidan 12. desember 1787
Forkorting PA

Pennsylvania er ein delstat nordaust i USA. Hovudstaden er Harrisburg og den største byen er Philadelphia. Delstaten grenser til New Jersey i aust, delstaten New York i nord, Ohio i vest og Delaware, Maryland og Vest-Virginia i sør.

Independence Hall i Philadelphia

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dagens Pennsylvania var opphavleg folkesett av lenapefolk, susquehannock, irokesarar, eriez, shawnee og andre urfolk.[1] Begge breiddene av Delaware-elva blei gjort krav på som koloniland både av nederlandarar og englskmenn.[2][3][4] Også Sverige gjorde krav på delar av området som Nya Sverige.[5][6] I 1664 skjenkte kong Karl II av England store område til James, hertugen av York (seinare Jakob II).[7] I løpet av året tok britane kontroll over Nye Nederland, sjølv om dei nederlandske innbyggjarane fortsette å ha stor innverknad på området.[8][9]

28. februar 1681 gav Karl II eit charter på landet til kvekaren William Penn for å betals tilbake eit lån til far hans, admiral William Penn.[10][11] Penn kjøpte også landområdet vest for Delaware-elva av hertugen av York. Kongen kalla området «Pennsylvania» ('Penn-skoglandet') til ære for Penn. William Penn, som først hadde kalla området New Wales og deretter Sylvania, ønskte ikkje oppkallinga, men kongen insisterte.[12] Penn skipa eit styre med to nyskapingar som blei viktige for den nye verda: Lokalstyre (county commission) og religiøs fridom.[13]

Frå 1754 til 1763 blei området råka av Den franske og indianske krigen og det påfølgjande Pontiacopprøret (Pontiac's War).[14] 12. desember 1787 blei Pennsylvania den andre delstaten til å ratifisera den amerikanske grunnloven, fem dagar etter den første delstaten, Delaware.[15]

Kjende personar frå Pennsylvania[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pennsylvania Indian tribes». Accessgenealogy.com. Henta June 7, 2014. 
  2. Paullin, Charles O, Edited by John K. Wright (19932). Atlas of the Historical Geography of the United States. New York, New York and Washington, D.C.:: Carnegie Institution of Washington and American Geographical Society. s. Plate 42. 
  3. Swindler, William F., Editor (1973–1979). Sources and Documents of United States Constitutions. 10 Volumes. Dobbs Ferry, New York: Oceana Publications. s. Vol. 10: 17–23. 
  4. Van Zandt, Franklin K. (1976). Boundaries of the United States and the Several States; Geological Survey Professional Paper 909. Washington, D.C.: Government Printing Office. s. 74; 92. 
  5. Munroe, John A. (1978). Colonial Delaware: A History. Millwood, New York: KTO Press. s. 16. 
  6. McCormick, Richard P. (1964). New Jersey from Colony to State, 1609—1789. New Jersey Historical Series, Volume 1. Princeton, New Jersey: D. Van Nostrand Company. s. 12. 
  7. Swindler, William F., Editor (1973–1979). Sources and Documents of United States Constitutions. 10 Volumes. Dobbs Ferry, New York: Oceana Publications. s. Vol. 4: 278–280. 
  8. Van Zandt, Franklin K. (1976). Boundaries of the United States and the Several States; Geological Survey Professional Paper 909. Washington, D.C.: Government Printing Office. s. 79. 
  9. Swindler, William F., Editor (1973–1979). Sources and Documents of United States Constitutions. 10 Volumes. Dobbs Ferry, New York: Oceana Publications. s. Vol. 6: 375–377. 
  10. Charter for the Province of Pennsylvania-1681.
  11. Pennsylvania Society of Colonial Governors, red. (1916). «Samuel Carpenter». Pennsylvania Society of Colonial Governors, Volume 1. s. 180–181. 
  12. «Wales on Britannia: Facts About Wales & the Welsh». Britannia.com. Henta September 16, 2013. 
  13. «Quakers and the political process». Pym.org. March 28, 2006. Arkivert frå originalen May 24, 2008. Henta July 31, 2010. 
  14. https://archive.org/details/accountofremarka00smit
  15. «Pennsylvania ratifies the Constitution of 1787». Memory.loc.gov. Henta July 31, 2010. 


Delstatar i USA USA sitt flagg
Alabama | Alaska | Arizona | Arkansas | California | Colorado | Connecticut | Delaware | Florida | Georgia | Hawaii | Idaho | Illinois | Indiana | Iowa | Kansas | Kentucky | Louisiana | Maine | Maryland | Massachusetts | Michigan | Minnesota | Mississippi | Missouri | Montana | Nebraska | Nevada | New Hampshire | New Jersey | New Mexico | New York | Nord-Carolina | Nord-Dakota | Ohio | Oklahoma | Oregon | Pennsylvania | Rhode Island | Sør-Carolina | Sør-Dakota | Tennessee | Texas | Utah | Vermont | Vest-Virginia | Virginia | Washington | Wisconsin | Wyoming
Territorium som ligg direkte under føderaladministrasjon: Amerikansk Samoa | Guam | Nord-Marianane | Puerto Rico | Dei amerikanske Jomfruøyane | Washington, D.C.
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.