Forunderleg, eit vrak som meg
«Forunderleg, eit vrak som meg» er Edvard Hoems gjendikting av salmen «Amazing Grace», ein av dei mest populære salmane i den engelskspråklege verda. Originalteksten vart skriven av John Newton i 1773 og først gjeven ut i 1779.
«Amazing Grace» er omsett til mange språk. I den svenske salmeboka frå 1986 er han trykt med tittelen «Oändlig nåd mig Herren gav», i Norsk salmebok står han med tittelen «Kom, kom og hør et gledens bud», med norsk tekst av Bodvar Schjelderup (1973). Edvard Hoems omsetjing frå 1990 er brukt i Salmer 1997, der salmen står som nr. 61. I Norsk salmebok 2013 er Trygve Bjerkrheims omsetjing «Å nåde underfull og stor» vald saman med den engelske teksten (nr. 342).
Den mest brukte tonen er henta frå Virginia Harmony (1831) utgjeven av William Walker. Han er pentatonisk, og har røter i skotsk eller irsk folkemusikk. Tonen blir òg tilskriven James P. Carrell og David S. Clayton.
Teksten[endre | endre wikiteksten]
Teksten skal ta utgangspunkt Davids takkebøn, slik ho er gjengitt i Fyrste krønikebok 17,16-17. [1]
1. vers etter John Newton |
Norsk omsetjing av 1. vers |
Svensk omsetjing, |
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
![]() |
Originaltekst av Forunderleg, eit vrak som meg ved Wikisource. |