Norsk salmebok 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Norsk salmebok 2013 : For kyrkje og heim (N13) er hovudsalmeboka i Den norske kyrkja. Boka vert tatt i bruk 1. søndag i advent 2013 der kyrkjelyden har gjort vedtak om det.

Salmedelen av Norsk salmebok 2013 står på nr. 1–899 i boka, og inneheld

  • 596 tekstar henta frå Norsk Salmebok (1985), dvs. 67 % av salmane i NoS-1985
  • 147 tekstar henta frå Salmer 1997, dvs. 51 % av salmane i S-97
  • 336 tekstar frå andre kjelder, herunder 174 av dei salmetekstane som var sendt ut til høyring i heftet Salmebok 2008.

Det kan i nokre tilfelle vere to eller fleire tekster til eitt nummer i boka, sidan nokre salmar står på meir enn eitt språk, og desse salmane er gitt att på same hovudnummer i boka. Nær 40 % av dei norske salmetekstane er gitt att på nynorsk, vel 60 % på bokmål.

Salmane nr. 2–274 er ordna etter kyrkjeåret. Frå nr. 275 er temaet Gud, skaparen vår, frå nr. 335 Guds nåde i Jesus Kristus, frå nr. 512 Den heilage ande og kyrkja, frå nr. 701 Mennesket i Guds verd, frå nr 855 døden og det evige livet. På nr. 900–991 står det bibelske salmar og liturgiske ledd.

Den norske kyrkja starta arbeidet med revisjon av hovudsalmeboka i 2004. Den endelege utforminga av boka vart vedtatt på kyrkjemøtet i 2012. Kyrkja har lagt vekt på å få større sjangerbredde enn i tidlagere salmebøker, ved at det i tillegg til dei tradisjonelle salmane er tatt inn gospel, spirituals, såkalla moderne lovsang og viser. I tillegg til salmar på norsk, svensk og dansk er innsalg av salmar på de tre samiske språka og kvensk.

Norsk salmebok 2013 er gitt ut på Eide forlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]