Amberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amberg
Amberg Altstadt.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Amberg
Amberg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Oberpfalz
Kreisfreie Stadt
Bürgermeister Michael Cerny
Geografi
Flatevidd
 - By

50,04 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

44 456
  888/km²
Koordinatar 49°26′40″N 11°50′54″EKoordinatar: 49°26′40″N 11°50′54″E
Høgd over havet 374 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 92224
Telefon-retningsnummer 09621
Bilnummer AM
Heimeside: www.amberg.de

Amberg er ein by i Bayern i Tyskland. Han ligg i Oberpfalz, om lag halvvegs mellom Regensburg og Bayreuth. I 2006 hadde han 44 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart først nemnd i 1034 som Ammenberg i eit dokument der keisar Konrad II tildelte biskopen av Bamberg handels-, toll- og skipsfartrettane i denne byen. Men det finst spor av busetnad på staden som er minst 200 år eldre. Amberg vart eit viktig handelssenter i mellomalderen. Eksporten var hovudsakleg jernmalm og jernprodukt, mens dei viktigaste innførslevarene var salt og korn. I 1269 kom byen i lag med Bamberg under Wittelsbach-familien som styrte Bayern.

I 1329 fall byen og heile Oberpfalz til ei grein av Wittelsbach-familien og vart ikkje lenger ein del av hertugdømet Bayern. I 1387 gjekk Amberg saman med byen Sulzbach og jernverkseigarar frå Nürnberg inn i den såkalla «Große Hammereinung», dvs. «den store hammarverksamanslutninga», som er mellom dei første kartella i europeisk industrihistorie. På 1500-talet vart byen omvendt til lutheranismen, men den herskande familien klarte ikkje å innføre den meir radikale kalvinismen då innbyggjarane gjorde motstand.

I 1628 vart Amberg og Oberpfalz igjen ein del av kurfyrstedømet Bayern. Innbyggjarane fekk eit val om å gå tilbake til katolisismen eller forlate byen for alltid. Mange familiar reiste frå byen til dei frie keisarbyane Regensburg og Nürnberg.

Amberg var regionshouvdstad i Oberpfalz fram til 1810 då denne funksjonen vart flytta til den større byen Regensburg.

Den gamle bykjernen i Amberg vart ikkje skadd under den andre verdskrigen. I staden for atterreising vart derfor vøling og vedlikehald det viktigaste arbeidet i etterkrigstida, særleg frå 1970-åra. Etter den andre verdskrigen vart Bayern del av den amerikanske sektoren, og Amberg vart heimstad til Pond Barracks, ein amerikansk base. Basen vart nedlagd i 1992.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amberg