Amen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Amen (hebraisk אמן, arabisk آمين) er ein liturgisk sluttformel som tyder 'det står fast'.

Ordet vert bruka til å avslute bøner, som i Salmane 41,14: «Lova vere Herren, Israels Gud, frå æve til æve! Amen, amen.»[1] Ordet kan stå uomsett i Bibelen, eller det kan vere omsett med 'sanneleg', som når Jesus innleier ei utsegn med eitt eller to amen: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.»[2]

Innanfor kristen liturgi vert ordet bruka til å avslutte Fadervår og når kyrkjelyden skal slutte seg til ei bøn eller velsigning.

I eit folkeleg munnhell heiter det «sikkert som amen i kyrkja» om ting vi kan kjenne oss sikre på at vil inntreffe.

Referansar[endre | endre wikiteksten]