Amgun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amgun
elv
Taiga of Far East near Imeni Poliny Osipenko village, Khabarovsk Krai.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 55 500 km²
Lengd 723 km
Middelvassføring 500 /s
Munning Amur
Wikimedia Commons: Amgoun

Amgun (russisk Амгу́нь; evenkisk Амӈун; giljakisk Ӽ ыӈгр) er ei elv i Khabarovsk kraj i Russland og ei av sideelvane til Amur frå venstre. Elva er 723 km lang og har eit nedslagsfelt på 55 500 km². Elva har ei middelvassføring på 500 m³/s.

Amgun startar der elvane Suluk og Ajakit renn saman i Bureinskogofjella. Det er over 2500 innsjøar i nedslagsfeltet hennar med eit samla areal på 647 km². Elva renn gjennom eit område med taiga og permafrost. Den største sideelva hennar er Nimelen. Amgun er farbar 330 km oppover frå Amur. Elva er rik på fisk, mellom anna stør og laks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]