Aminata Sow Fall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aminata Sow Fall
Aminata Sow Fall (2).jpg
Fødd 27. april 1941
Saint-Louis
Yrke skribent

Aminata Sow Fall (fødd i 1941) er ein prisløna senegalsk forfattar. Ho er rekna som ein av pionerane innan franskspråkleg afrikansk litteratur.[1]

Aminata Sow Fall blei fødd i Saint-Louis, der ho fekk den grunnleggjande utdanninga si. Ho avslutta den vidaregåande skulegangen sin i Dakar.[2]

Ho tok eksamen i fransk litteratur ved Sorbonne i Paris i 1967. Sidan underviste ho i fransk i skular i Dakar og Rufisque. I 1979 blei ho tilsett ved kulturdepartementet.

Sow Fall debuterte med romanen Le revenant i 1976. Boka skilde seg ut ved å vera den første franskspråklege romanen av ei svart kvinne som ikkje var klart sjølvbiografisk.[3] For den andre romanen sin La grève des bàttu fekk ho Grand Prix Littéraire d'Afrique Noire i 1980. Romanen er ein satire over muslimsk dogmatisme, hykleri og kvinnefiendlegheit.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Aminata Sow Fall møtte den framtidige mannen sin, Samba Sow, i Paris.[1] Ho gifta seg med han i 1963.[2] Ho har sju barn.[1] Ein av dei er rapparen Abass Abass.[4]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Le Revenant, roman, 1976[5]
  • La Grève des bàttu, 1979, vannn Grand prix littéraire d'Afrique noire i 1980; filmatisert av Cheick Oumar Sissoko i 2000[6][1].
  • L’Appel des arènes, roman, 1997: Prix international pour les lettres africaines; filmatisert av Cheikh N'Diaye i 2006[7]
  • Ex-Père de la Nation, roman, 1987[8]
  • Le Jujubier du patriarche, roman, 1993[9]
  • Douceurs du bercail, roman, 1998[10]
  • Un grain de vie et d’espérance, réflexion sur l'art de manger et la nourriture au Sénégal suivie de recettes proposées par Margo Harley, 2002[11]
  • Sur le flanc gauche du Belem, in L'Odyssée atlantique (collectif), novelle, 2002
  • Festins de la détresse, roman, 2005[12]
  • L'empire du mensonge, roman, 2017

Aminata Sow Fall har også skrive fleire dikt og teaterstykke.[1]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Mwamba Cabakulu et Boubakar Camara, «L'auteur et son œuvre», i Comprendre et faire comprendre 'La grève des bàttu' d'Aminata Sow Fall, L'Harmattan, Paris, 2002, p. 11-20 ISBN 9782747525107
  2. 2,0 2,1 «Aminata Sow Fall», L' Harmattan 
  3. Peter Hawkins (1. juli 1988), «AN INTERVIEW WITH AMINATA SOW FALL», African Affairs, 87 (348): 419-430., doi:https://doi.org/10.1093/oxfordjournals.afraf.a098055 Check |doi= value (hjelp) 
  4. «Abass Abass : Rap consciencieux», Dakar Info, 2 février 2010
  5. Fernando Lambert, «Aminata Sow Fall, romancière sénégalaise : l’écriture et sa fonction de critique sociale», Québec français, nr. 65, 1987, s. 21
  6. Médoune Guèye, Aminata Sow Fall, oralité et société dans l'œuvre romanesque, L'Harmattan, Paris, 2005, s. 12 9782747585576
  7. Madeleine Borgomano, Lectures de 'L'Appel des arènes' d'Aminata Sow Fall, Nouvelles Editions africaines, Abidjan, 1984, 80 p. ISBN 2-7236-0700-3
  8. Gloria Nne Onyeoriri, «Epistemic and Deontic Modalities in Aminata Sow Fall's L'Ex-Pere de la Nation», in Contributions in Black Studies, vol. 9, article 11, 1992
  9. Le Jujubier du patriarche, Africultures
  10. «Les Sénégalaises au regard critique», Africultures
  11. Lire les femmes écrivains et les littératures africaines, Aflits.arts.uwa.edu.au
  12. Entretien d'Edwige H. avec Aminata Sow Fall, Africultures