Ampthill
Utsjånad
| Ampthill | |||
| by | |||
Ampthill sentrum med klokketårnet (1852) og marknadsplassen. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Bedfordshire | ||
| Distrikt | Central Bedfordshire | ||
| Folketal | 8 911 (2021)[1] | ||
| Postnummer | MK45 | ||
| Retningsnummer | 01525 | ||
![]() Ampthill 52°01′35″N 0°29′26″W / 52.0263°N 0.4906°W | |||
| Wikimedia Commons: Ampthill | |||
Ampthill er ein liten by i Bedfordshire i det austlege England. Han ligg mellom Bedford og Luton, og er administrasjonssenter for distriktet Central Bedfordshire.
Ampthill har hatt ein marknad kvar torsdag gjennom fleire hundreår. I mellomalderen var Ampthill slott ei viktig festning. Katarina av Aragon vart halde på slottet medan ho venta på at rettssaka mot henne skulle starte. Det er i dag inkje igjen av slottet.
Den kjende arkitekten sir Albert Richardson budde i Ampthill frå 1919 til han døydde i 1964. Blant dei siste prosjekta hans var kontorbygningen til distriktsrådet i Dunstable Street, oppført 1963–1965.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Ampthill» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2011.
