Amsterdamøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For øya i Indiahavet, sjå Île Amsterdam.

Koordinatar: 79°40′N 10°30′E

Kart over Albert I Land med Amsterdamøya avmerka.

Amsterdamøya er ei 18,8 km² stor øy nær Albert I Land ved nordvesthjørnet av Spitsbergen.

Smeerenburg på Amsterdamøya var eit av hovudkvartera for dei nederlandske kvalfangarane1600-talet, og øya har fått namn etter den nederlandske hovudstaden Amsterdam.

Like sør for øya ligg Danskøya på motsett side av det smale Danskegattet, og i aust går Smeerenburgfjorden som eit skilje mellom øyene og Vasahalvøya på fastlandet.

Området ligg i Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]