Île Amsterdam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For øys på Svalbard, sjå Amsterdamøya.
Île Amsterdam
øy
Amsterdam ASTER.jpg
Satellittbilde av Île Amsterdam.
Land Flag of France.svg Frankrike
Region Dei franske sørterritoria
Areal 55 km²
Kart over Île Amsterdam
Kart over Île Amsterdam
Wikimedia Commons: Île Amsterdam

Île Amsterdam («Amsterdamøya», også kalla Nouvelle Amsterdam, «Nye Amsterdam») er ei fransk øy i Indiahavet. Øya er ein del av dei franske sørterritoria. Ho har namn etter «Nieuw Amsterdam», skipet til ein av dei tidlege oppdagarane av øya, Anthonie van Diemen.[1] Den første ein kjenner til gjekk i land på øya var nederlandske Willem de Vlamingh i desember 1696.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Øya blei oppdaga av den spanske utforskeren Juan Sebastián de Elcano den 18. mars 1522 under den første jordomseglinga hans. Elcano gav ikkje øya namn. Då den nederlandske kapteinen Anthonie van Diemen kom til øya 17. juni 1633 kalla han henne «Nieuw Amsterdam» (nederlandsk for Nye Amsterdam) etter skipet sitt.[1] I desember 1696 var nederlandske Willem de Vlamingh den første som gjekk i land på øya.[2]

Den franske kapteinen Pierre François Péron skal ha vore landfast på øya i åra 1792–1795. I memoara sine fortel Péron korleis han overlevde åleine på øya.[3][4][5]

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

11. oktober 1833 leid den britiske barken «Lady Munro» skipbrot på øya. Av dei 97 personane ombord blei 21 overlevande plukka opp to veker seinare av den amerikanske selfangarskonnerten «General Jackson».[6]

I januar 1871 leia Heurtin, ein fransk innbyggjar frå Réunion, eit forsøk på å busetja øya. Etter sju månader viste forsøket deira på å avla kyr og dyrka mat seg å vera mislukka. Dei drog tilbake til Réunion, men lét kyrne vera att på øya.[7]

I 1874 blei kaptein Coffin og mannskap frå «Annie Battles» sett i land på øya etter eit mytteri. Dei blei seinare redda frå øya.[1]

Fransk territorium[endre | endre wikiteksten]

Martin-de-Viviès

I 1843 la Martin Dupeyrat fram det første kravet frå Frankrike på øyane Île Amsterdam og Île Saint-Paul. Guvernøren på Réunion nekta å godkjenna kravet, og Frankrike tok først formell kontroll i oktober 1892.[1]

Île Amsterdam og Île Saint-Paul blei tilknytt Madagaskar i 1924 og blei såleis ein fransk koloni.

Den første franske basen på Île Amsterdam blei oppretta i 1949, og blei først kalla Camp Heurtin. Hovudbasen i området, Martin-de-Viviès, tidlegare La Roche Godon, utgjer formelt hovudstaden på Île Amsterdam. Han består av ein forskningsstasjon og mellom tjue og tretti forskarar som bur ved stasjonen i periodar. Forskarane studerer fauna, meteorologi, atmosfære og jordmagnetisme. Basen har namn etter Paul de-Martin-de-Viviès, som saman med ti andre var på Île Amsterdam gjennom vinteren 1949.

SN-organisasjonen Verdas meteorologiorganisasjon har gjennom forskingsprosjektet Global atmosfærisk overvaking, (Global Atmosphere Watch, GAW) ein forskingsstasjon på øya.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Vestkysten av øya.

Île Amsterdam er ei vulkansk øy med ein mogleg aktiv vulkan. Vulkanen hadde sist utbrot i 1792. Øya har ei flatevidd på 55 km². Ho målar rundt 10 km på si lengste side og når 867 moh. på sitt høgaste punkt, Mont de la Dives. Sentralt på øya ligg eit platå kalla Plateau des Tourbières som ligg over 500 moh., i tillegg til høgare toppar. Vest på øya ligg karakteristiske klipper som når over 700 moh. Dei heiter Falaises d'Entrecasteaux etter den franske oppdagaren Bruni d'Entrecasteaux.[8]

Øya er ein del av dei franske sørterritoria, og utgjer saman med naboøya Île Saint-Paul 85 km lenger sør, eit av fem distrikt i området. I motsetnad til dei fleste delane av dei franske sørterritoria har Île Amsterdam eit mildt havklima med ein årleg middeltemperatur på 13°C, gjennomsnittleg nedbør på 1100 mm, vedvarande vestlege vindar og høge nivå av fukt.[9]

Natur[endre | endre wikiteksten]

Phylica arborea-lund

Flora[endre | endre wikiteksten]

Treslaget Phylica arborea veks på øya. Desse trea finst også på Tristan da Cunha og Gough Island, men det er berre på Île Amsterdam at dei dannar eit lågt skogdekke. Skogen blei kalla Grand Bois ('Storskogen'), og dekte låglanda på øya fram til ein skogbrannar starta av selfangarar, som varte i fleire månader, øydela det meste av han i 1825.[1] Berre åtte fragmente delar er att.

Fuglar[endre | endre wikiteksten]

Amsterdamalbatrossen (Diomedea amsterdamensis) er endemisk til øya, og hekkar berre på Plateau des Tourbières. Andre artar her er storjo, sørhavsterne og klippehopparpingvin. Amsterdamanda (Anas marecula) er no utdøydd; det same gjeld fleire lokale populasjonar av ulike petrellar.[10] Vatreastrild (Estrilda astrild) er ein introdusert art.[11] Både Plateau des Tourbières og Falaises d'Entrcasteaux blir kalla «Important Bird Area» av BirdLife International, sistnemnde for sin store hekkande koloni av albatrossen Thalassarche carteri.[8]

Pattedyr[endre | endre wikiteksten]

Øya har ingen innfødde landpattedyr, men kerguelsk pelssel (Arctocephalus tropicalis) og sørleg elefantsel ynglar her. Det finst også introduserte pattedyr som husmus, brunrotte og forvilla kattar.[11]

Frå 1871 til 2010 huste øya også ein stamme forvilla storfe. Dei stamma frå fem dyr introdusert av Heurtin under det korte forsøket hans på å kolonisera øya i 1871,[11] I 1988 var talet på dyr estimert til rundt 2 000. Etter at det blei slått fast at storfeet gjorde skade på økosystemet blei det stengd inne på nordsida med eit gjerde.[10] I 2007 avgjorde ein at feet skulle utryddast, og mellom 2008 og 2010 blei alle dyra slakta.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 https://web.archive.org/web/20121023224934/http://www.btinternet.com/~sa_sa/amsterdam/amsterdam_history_early.html, arkivert frå originalen 23. oktober 2012  Missing or empty |title= (hjelp)
  2. 2,0 2,1 https://web.archive.org/web/20140326213058/http://www.hetscheepvaartmuseum.nl/kenniscentrum/kalender, arkivert frå Het Scheepvaartmuseum - Maritieme Kalender originalen Check |url= value (hjelp) 26. mars 2014  Missing or empty |title= (hjelp)
  3. Statewide County HI Archives: News, USGenWeb Archives
  4. Forum Rare Books: In the news, Antiquariaat Forum
  5. Mémoires du capitaine Péron sur ses voyages, Google Books
  6. Chronological List of Antarctic Expeditions and Related Historical Events. Cambridge University Press. 1989. ISBN 978-0-521-30903-5. 
  7. Carroll, Paul (29. juni 2003). «Amsterdam/St Paul: Discovery and early history». The South Atlantic and Subantarctic Islands. Arkivert frå originalen 2012-10-23. Henta 25. april 2011. 
  8. 8,0 8,1 Important Bird Areas factsheet: Falaises d'Entrecasteaux, BirdLife International, 8. januar 2012, arkivert frå originalen 10. juli 2007 
  9. Île Amsterdam and Île St. Paul, ndsu.edu
  10. 10,0 10,1 Micol, T.; & Jouventin, P. (1995), «Restoration of Amsterdam Island, South Indian Ocean, following control of feral cattle.», Biological Conservation 73(3): 199-206., arkivert frå originalen 1. februar 2014 
  11. 11,0 11,1 11,2 Amsterdam Island - Introduced fauna, arkivert frå originalen 11. mai 2013 
  12. Sophie Lautier: "Sur l'île Amsterdam, chlorophylle et miaulements".

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]