Amund Bredesen
Amund Bredesen | |
Fødd | 3. september 1800 Nord-Odal |
Død | |
Yrke | bonde, politikar |
Amund Bredesen (3. september 1800–6. august 1842) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nord-Odal i Hedmark. Han var far til Ole Bredesen.
Bredesen var son av ein gardbrukar. Sjølv kjøpte han garden Oppset i Grue i 1827, og dreiv denne til han døydde. Han vart medlem av det fyrste formannskapet i 1837 og var med livet ut. I 1836 var han 3. representant frå Hedemarkens amt på Stortinget og sameleis på omframstortinget 1836-37. Han var i 1836 medlem av gasje- og budsjettkomiteen, i 1836-37 av gasje- og pensjonskomiteen.
Bredesen døydde på garden sin i Grue i 1842.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Amund Bredesen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv