Formannskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Formannskap eller fylkesutval i fylkeskommunane er namnet på det leiande utvalet i eit kommunestyre dersom kommunen er styrt etter formannskapsmodellen. Formannskapsmodellen er er hovudmodellen i kommunelova og dei aller fleste kommunane og fylka er styrt etter denne modellen.

Modellen går ut på at kommunestyret vel eit utval på minimum fem medlemmar blant dei som er valt inn i kommunestyret. Tidlegare sa loven at formannskapet skulle vere ein fjerdedel av kommunestyret. Dette er framleis eit vanleg tal. Formannskapet blir valt ved forholdstal slik at eit parti eller ei grupering som har fleirtal i kommunestyret ikkje kan ta alle plassane i eit formannskap. Formannskapet innstiller på saker til kommunestyret og kan avgjere mindre saker. Formannskapet kan og fungere som andre lov og utval der kommunestyret er pålagt å opprette slike.

Formannskapet vart innført i Noreg i 1837 gjennom formannskapslovene

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]