Amy Winehouse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amy Winehouse
Amy Winehouse f4962007 crop.jpg
Amy Winehouse
Fødd14. september 1983
FødestadSouthgate
Død23. juli 2011 (27 år)
DødsstadCamden Town
FødenamnAmy Jade Winehouse
OpphavEngland
Aktiv2003-2011
SjangerSoul, Jazz, Rhythm and blues
Instrumentgitar, trommesett, vokal
Stemmetypemezzosopran, alt
Verka somsinger-songwriter, gitarist, jazzmusikar, songar, jazzgitarist, låtskrivar
MorJanis Seaton
FarMitch Winehouse
Sambuar medAlex Clare, Reg Traviss
PrisarGrammy Award for beste nye artist

Amy Jade Winehouse, (fødd 14. september 1983 i Southgate i Enfield i London, død 23. juli 2011 Camden i London) var ei britisk soul-, jazz- og rhythm and blues-songarinne og låtskrivar. Ho debuterte med albumet «Frank» som selde til platina i 2003, og slo gjennom med hitlåta «Rehab» rundt juletider 2006. Ho gav ut to album; Frank og Back to Black. På Grammygallaen 2008 fekk ho 5 grammyprisar og er dermed den første kvinna frå Storbritannia som har vunne 5 grammyprisar på éin kveld[1].

Amy Winehouse levde eit turbulent liv. Ho vart utvist frå Sylvia Youngs teaterskole for born og unge då ho var 16 år, ho vart innlagt på avvenningsklinikk for narkotikamisbruk mange gonger, og ho måtte avlyse mange konsertar på kort varsel, blant anna på Øyafestivalen sommaren 2006.[2] Mykje tyder på at ho hadde bipolar liding, og at alkoholbruken var ei form for sjølvmedisinering.[3]

Amy Winehouse døydde 23. juli 2011 i London, 27 år gammal, og føyer seg inn i fenomenet som rockehistorikarane kallar 27 Club. Det vil seia store musikarstjerner som døydde 27 år gamle, t.d. Jimi Hendrix, Janis Joplin, Kurt Cobain og Jim Morrison.

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2003 - Stronger Than Me
  • 2003 - Take The Box
  • 2004 - In My Bed/You Sent Me Flying
  • 2004 - Pumps/Help Yourself
  • 2006 - Rehab
  • 2006 - You Know I'm No Good
  • 2007 - Back To Black
  • 2007 - Tears Dry On Their Own

Referansar[endre | endre wikiteksten]