Jimi Hendrix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jimi Hendrix
Jimi Hendrix 1967.png
Jimi Hendrix under ein opptreden for nederlandsk fjernsyn i 1967.
Verkeleg namn Johnny Allen Hendrix,
omdøypt til James Marshall Hendrix då han var fire år.
Fødd 27. november 1942
Død 18. september 1970
Instrument Gitar
Sjanger Hardrock, bluesrock, acidrock, pop, blues
Aktive år 1961-1970
Yrke Musikar, låtskrivar
Plateselskap MCA, Reprise, Track, Polydor, Capitol
Nettside http://www.jimi-hendrix.com

James Marshall «Jimi» Hendrix (fødd 27. november 1942 i Seattle i Washington i USA, død 18. september 1970 i London i England)[1] var ein amerikansk gitarist, vokalist og låtskrivar. Han vert ofte rekna som den største elektriske gitaristen i rockemusikkhistoria av andre musikarar og kommentatorar i bransjen,[2][3][4] og som ein av dei viktigaste og mest innflytnadsrike musikarane i si tid, på tvers av ei rekkje sjangrar.[5][6][7] Etter fyrst å ha slått gjennom i Europa, vart han kjend i USA i 1967, etter å ha opptredd på Monterey Pop Festival. Seinare stod han i spissen under den ikoniske Woodstockfestivalen i 1969 og Isle of Wight-festivalen i 1970. Hendrix brukte ofte rå og forvridd forsterking, der både gitarforsterkinga og diskanten var høg, og han bidrog til utviklinga av den tidlegare uønskte akustiske tilbakekoplinga frå gitaren.[8] Han var ein av musikarane som populariserte bruken av wah-wah-pedalen i vanleg rock, og han brukte han ofte for å gje soloane sine ei overdriven tonehøgd, spesielt med høge sløyfer og bruk av legato rundt ein penatonisk skala. Han henta inspirasjon frå bluesartistar som B.B. King, Muddy Waters, Howlin’ Wolf, Albert King og Elmore James[9][10][11][12] og rhythm and blues- og soulgitaristar som Curtis Mayfield og Steve Cropper, så vel som av moderne jazz.[13] I 1966 sa Hendrix, som spela i og var med på opptak med bandet til Little Richard frå 1964 til 1965, at «eg vil gjere med gitaren min det Little Richard gjer med stemma si.»[14]

Carlos Santana har meint at musikken til Hendrix kan ha vore inspirert av arven frå den delvis indianske bakgrunnen hans.[15] Som plateprodusent gjorde Hendrix også banebrytande arbeid ved å bruke platestudioet som eit tillegg til dei musikalske ideane sine. Han var ein av dei fyrste som eksperimenterte med effektar for stereofoni og faseforskyving (phasing) i rockeopptak.

Hendrix vann mange av dei mest prestisjefylte rockemusikkprisane medan han levde, og endå fleire etter at han var død. Mellom anna vart han teken opp i Rock and Roll Hall of Fame i 1992 og UK Music Hall of Fame i 2005. Ein blå plakett frå English Heritage i namnet hans vart sett opp ved den tidlegare bustaden hans i Brook Street i London i september 1997. Ei stjerne på Hollywood Walk of Fame (ved 6627 Hollywood Blvd.) vart dedikert til han i 1994. I 2006 vart debutalbumet hans i USA, Are You Experienced, innlemma i National Recording Registry, og bladet Rolling Stone sette Hendrix på fyrsteplass på lista over dei hundre største gitaristane gjennom tidene i 2003.[16] Han var også den fyrste personen som vart teken opp i Native American Music Hall of Fame.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Hendrix vart fødd 27. november 1942, i Seattle i Washington i USA, medan faren var stasjonert på ein militærbase i Oklahoma. Han fekk namnet Johnny Allen Hendrix då han var fødd, av mora, 17 år gamle Lucille Hendrix (med jentenamn Jeter).[17] Ho hadde mellombels fått vener i California til å ta seg av han (under ein ferie). Då faren, James Allen «Al» Hendrix (1919–2002), var ferdig i militæret, henta han Jimi og endra namnet hans til James Marshall Hendrix, til minne om den avdøde bror hans, Leon Marshall Hendrix.[18][19] Han var elles kjend som «Buster» for vener og familie, heilt frå fødselen av.[20] Kort tid etter, vart Al saman med Lucille att. Det var vanskeleg for han å finne fast arbeid etter den andre verdskrigen, og familien sleit økonomisk. Hendrix hadde to brør, Leon og Joseph, og to systrer, Kathy og Pamela. Joseph hadde eit handikapp, og då han var tre år, vart han lagt under statleg omsorg. Dei to systrene hans vart begge tekne hand om av andre frå relativt tidleg alder, fyrst i barneheim og deretter gjennom adopsjon. Kathy var fødd blind og Pamela hadde eit mindre handikapp.

Foreldra til Hendrix vart skilde då han var ni år gammal. Mora, som hadde skrumplever, døydde i 1958, då levertilstanden gjorde til at milten hennar sprakk.[21] Grunna den ustabile tilstanden i heimen, vart han i periodar send til bestemor si i Vancouver i Canada, og bror hans, Leon, vart mellombels sett på barneheim.[22] Hendrix voks opp som ein sjenert og kjenslevar gut, djupt påverka av fattigdommen og forsøminga han hadde opplevd hjå foreldra. I high school-tida til Hendrix opplevde han eit stort etnisk mangfald, med både afrikanske, europeiske (også jødar) og asiatiske (japanske, filippinske og kinesiske) amerikanarar, noko som elles var ei relativt uvanleg oppleving for afrikansk-amerikanarar på den tida.[23] Då han var 15 år, på den tida då mor hans døydde, fekk han den fyrste akustiske gitaren sin, som han kjøpte for 5 amerikanske dollar av ein kjenning av faren. Denne gitaren erstatta både sopelimen han hadde leika at han klimpra på og ukulelen som faren hadde funne då han rydda ein garasje.[24][25][26] Hendrix lærte å spele gitar ved at han spela nesten heile tida, såg på andre som spela, fekk tips frå meir erfarne folk, og ved å høyre på plater. Sommaren 1959 fekk han den fyrste elektriske gitaren sin av faren, ein Supro Ozark 1560 S, men han hadde ingen forsterkar. Ifølgje bandkameratar i Seattle, lærte han dei fleste av dei akrobatiske scenerørslene og ein stor del av blues- og rhythm and blues-tradisjonen av ein annan ung musikar, Raleigh «Butch» Snipes, som var gitarist i det lokale bandet The Sharps. Hendrix brukte elles varemerket til Chuck Berry, «Duck Walk», ein gong.[27] Hendrix spela i eit par lokale band, som av og til hadde spelejobbar utanfor sentruma i delstaten Washington og minst éin gong over grensa frå Vancouver i Canada.[28]

Hendrix likte svært godt Elvis Presley, som han var på konsert med i Seattle in 1957.[29] Leon Hendrix hevda, i eit tidleg intervju, at Little Richard dukka opp i nabolaget i Seattle og tok bror hans, Jimi, i handa. Det finst ingen andre kjelder til dette, og far deira nektar plent for at dette skal ha skjedd.[30] Hendrix vart tideleg eksponert for bluesmusikken, gjennom plater av Muddy Waters og B.B. King som faren åtte.[31] Eit anna tidleg inntrykk fekk han frå westernfilmen Johnny Guitar frå 1954, der helten ikkje ber pistol, men i staden har ein gitar på ryggen.

Den fyrste spelejobben til Hendrix var med eit namnlaust band i kjellaren på ein synagoge, eller nærare bestemt Temple De Hirsch i Seattle. Etter å ha spela for vilt og tøffa seg for mykje, fekk han sparken. Det fyrste «skikkelege» bandet han spela i, var The Velvetones, som regelbunde spela gratis på Yesler Terrace Neighborhood House. Det at han likte å vise seg fram, og at han spela med venstre handa på ein høgrehendtgitar, gjorde allereie då til at han stakk seg ut. Seinare vart han med i The Rocking Kings, som spela profesjonelt på scener som Birdland. Då gitaren hans vart stolen – etter at han hadde sett han att bak scena ei natt – kjøpte faren ein kvit Silvertone Danelectro til han. Hendrix måla han raud og fekk trykt på namnet «Betty Jean» – kjærasten hans på high school.

Hendrix fullførde junior high på Washington Junior High School utan problem, men vart ikkje uteksaminert frå Garfield High School. Seinare fekk han eit æresvitnemål frå skulen, og på 1990-talet vart det sett opp ei byste av han på skulebiblioteket. Etter at han hadde vorte populær seint på 1960-talet, fortalde Hendrix til journalistane at han hadde vorte utvist frå Garfield av ei rasistisk skuleleiing fordi han heldt ein kvit kjærast i handa i ein fritime. Rektoren på skulen, Frank Hanawalt, har derimot sagt at det berre skuldast dårlege karakterar og dårleg oppmøte.[32]

I militæret[endre | endre wikiteksten]

Hendrix kom på kant med lova to gonger for å ha køyrt med stolne bilar. Han fekk valet mellom å verte sett i fengsel i to år, eller å gå inn i Hæren. Hendrix valde det siste og verva seg 31. mai 1961. Etter å ha fullført treningsleiren, vart han sett inn i «101st Airborne Division» og stasjonert ved Fort Campbell i Kentucky. Befala og medsoldatane hans syntest han var ein lat soldat – han sov når han var på vakt, hadde liten tanke for reglar, kravde konstant overvaking og viste inga form for talent i felten. Av desse grunnane sende befala ein førespurnad om Hendrix kunne få sleppe med berre eitt år. Hendrix protesterte ikkje då denne moglegheita baud seg.[33] Han fortalde seinare jounalistane at han vart dimittert av medisinske årsaker, fordi han hadde brekt okla under det 26. fallskjermhoppet sitt. I biografien Room Full of Mirrors av Charles Cross frå 2005 vert det hevda at Hendrix spela homofil – at han hadde hevda å vere forelska i ein medsoldat – for å verte dimittert, men det finst ikkje noko prov som støttar denne teorien.

På fritidssenteret i militæret hadde Hendrix møtt medsoldat og bassist Billy Cox og innleidd ein lojal venskap som han nytte godt av i det siste leveåret sitt. Dei to spela ofte med andre musikarar, både i og utanfor militæret, som eit laust organisert band med namnet «Johnny Jones and the King Casuals».[34]

Som kjendis i Storbritannia nemnde Hendrix berre militærtenesta si i tre publiserte intervju. Fyrste gongen var i 1967 for filmen See My Music Talking (som mykje seinare vart utgjeven under namnet Experience), som var meint for fjernsyn og promotering av den nyleg utgjevne LP-en Axis: Bold as Love. Der fortalde han kort om den fyrste gongen han hoppa i fallskjerm: «… når du kjem ut dit, er alt heilt stilt, alt ein høyrer er bris-s-s-s …»[35] Denne kommentaren har seinare vorte brukt for å hevde at denne opplevinga var ei av kjeldene til den «romaktige» gitarspelinga hans. Andre og tredje gongen han nemnde opplevingane sine i militæret, var i intervju med Melody Maker i 1967 og 1969, då han snakka om kor mykje han mislikte Hæren.[36] I intervju i USA nemnde han dette nesten aldri, og når Dick Cavett tok det opp i eit intervju på fjernsyn, stadfesta Hendrix berre at han hadde vore stasjonert ved Fort Campbell.[37]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste spelejobbane[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vorte dimittert frå militæret, flytta han og kameraten Billy Cox til nærleiken av Clarksville i Tennesee, der dei starta eit band dei kalla The King Kasuals. Hendrix hadde allereie sett Butch Snipes spele gitar med tennene i Seattle, og no gjorde Alphonso «Baby Boo» Young, den andre gitaristen i bandet deira, det same.[38] For å henge med i tida, var det på den tida han lærte seg skikkeleg å spele med tennene, ifølgje han sjølv: «… ideen om å gjere det, fekk eg i ein by i Tennessee. Der nede må du spele med tennene, elles vert du skoten. Det ligg ein stig av brotne tenner på scena …»[39] Etter nokre dårleg betalte spelejobbar, flytta bandet etter kvart til Nashville. Dei spela på klubbar langs Jefferson Street, hjartet av samfunnet til dei svarte i Nashville og sentrum for rythm and blues i området.[40] Der var dei, ifølgje Cox og Larry Lee – som erstatta Alphonso Young på gitar – praktisk tala husbandet på «Club del Morocco».[41] Hendrix og Cox delte ei leilegheit over «Joyce’s House Of Glamour».[42] Kjærasten til Hendrix på denne tida var Joyce Lucas.

Det har seinare vorte stilt spørsmål ved Bill «Hoss» Allen sitt minne om at Hendrix skal ha vore med på eit opptak saman med Billy Cox i november 1962, der Hendrix vart kutta vekk grunna overdriven speling. Det har vorte føreslått at han kanskje blanda dette med eit seinare opptak frå 1965 med Frank Howard And The Commanders som Hendrix også var med på.[43] I desember 1962 besøkte Hendrix Vancouver, der han i fleire periodar hadde budd som barn hjå bestemora si. Det har vorte sagt at han då hadde ein opptreden med framtidige medlemmer av Motown-bandet Bobby Taylor & the Vancouvers, inkludert Tommy Chong (som seinare vart populær med Cheech & Chong).[44] Men Chong nektar for at dette nokon gong skjedde og meinte det var eit produkt av Taylor sin «fantasi».[45] Tidleg i 1963 vende Hendrix tilbake til Sørstatane. I dei neste to åra hadde han eit utrygt levebrød med The King Kasuals for Theatre Owners’ Booking Association (TOBA), eller Chitlin’ Circuit, der han spela på «svarte» stader på tvers av Sørstatane med Bob Fisher og The Bonnevilles[46] og i oppvarmingsband for ymse soul-, R&B- og bluesmusikarar som Chuck Jackson, Slim Harpo, Tommy Tucker, Sam Cooke og Jackie Wilson. The Chitlin’ Circuit var ein viktig fase i karrieren til Hendrix, fordi det var på denne tida han perfeksjonerte stilen sin og bluesrøtene sine.

Isley Brothers og Little Richard[endre | endre wikiteksten]

Frustrert etter opplevingane i sør ville Hendrix prøve lukka i New York, og i januar 1964 flytta han inn på Hotel Theresa i Harlem,[47] der han ikkje lenge etter vart ven med Lithofayne Pridgeon (kjend som «Faye») som vart kjærasten hans,[48] og Allen-tvillingane, Arthur og Albert, som i dag er kjende som Taharqa og Tunde-Ra Aleem. Dei heldt han unna bråk i byen, og var også støttevokalistar (under namnet Ghetto Fighters) på nokre av platene hans, til dømes på songen «Freedom». Pridgeon, som var oppvaksen i Harlem og hadde kontaktar i musikklivet i området, gav Hendrix husrom, støtte og oppmuntring. I februar 1964 vann Hendrix fyrstepremien i amatørkonkurransen på Apollo Theater. For å prøve å få spelejobbar, vandra Hendrix rundt på dei ulike klubbane og sat saman med ulike band. Etter kvart fekk Hendrix tilbod om å verte gitarist i støttebandet til Isley Brothers, noko han sa ja til umiddelbart. Det fyrste studioopptaket til Hendrix var i mars 1964, då Isley Brothers, med Hendrix som bandmedlem, spela inn todelssingelen «Testify». Hendrix reiste deretter på turné med Isley Brothers. «Testify» vart utgjeven i juni 1964, men kom ikkje høgt opp på topplistene. Etter å ha turnert som medlem av Isley Brothers fram til sommaren eller vinteren 1964,[49][50][51][52][53][54] var Hendrix misnøgd og forlét bandet i Nashville. Der fann han arbeid saman med «Gorgeous» George Odell.

1. mars 1964 byrja Hendrix (som då kalla seg Maurice James) å spele inn plater og opptre med Little Richard. Hendrix sa seinare (i 1966) at «eg vil gjere med gitaren min det Little Richard gjer med stemma si.»[14] Under ein stopp i Los Angeles under turnéen med Little Richard i 1965, spela Hendrix for Rosa Lee Brooks på singelen hennar «My Diary». Dette var fyrste gong han gjorde opptak med Arthur Lee frå bandet Love.[55][56] Medan han var i Los Angeles, spela han også på den siste singelen til Little Richard for Vee-Jay Records, «I Don’t Know What You’ve Got, But It’s Got Me».[57] Han gjorde seinare dei fyrste fjernsynsopptaka sine på «Night Train» med The Royal Company, som støtteband for Buddy and Stacy på Shotgun på Channel 5 i Nashville.[58]

Hendrix kom etter kvart i konflikt med Richard – fordi han somla, kledde seg annleis og, framfor alt, fordi han gjorde klovnestrekar på scena.[59] På turné med Richard møtte dei nokre gonger Ike and Tina Turner. Det har vorte føreslått at han kan ha forlate Richard og spela med Ike and Tina ei kort stund, før han igjen vende tilbake til Richard, men det er ingen handfaste prov som tyder på dette – og Tina Turner nektar for det. Nokre månader seinare fekk han anten sparken, eller kom for seint til turnébussen i Washington, D.C.[60] Sommaren 1965 vart han med att i Isley Brothers, og var med på innspelinga av ein singel til med dei, «Move Over and Let Me Dance», med «Have You Ever Been Disappointed» som B-side.

Korte oppdrag og eige band[endre | endre wikiteksten]

Seinare i 1965 vart Hendrix med i eit New York-basert R&B-band som heitte Curtis Knight and the Squires etter å ha møtt Knight i lobbyen på Hotel America, eit stykke frå Times Square, der begge budde på same tid.[61] Han spela saman med dei periodevis i åtte månader.[62] I oktober 1965 spela Hendrix inn ein singel med Curtis Knight, «How Would You Feel» med «Welcome Home» som B-side, og 15. oktober same året signerte han ein treårskontrakt med Ed Chalpin, der han fekk 1 USD og 1 % av inntektene for kvar selde plate med Curtis Knight. Sjølv om forholdet til Chalpin vart kortvarig, var kontrakten framleis gyldig, og dette skapte problem for Hendrix seinare i karrieren hans. Tvisten om dette vart fyrst avslutta i 2007.«[63] Fleire songar (og demoar) frå Curtis Knight-opptaka mellom 1965 og 1966, som ikkje var aktuelle for utgjeving den gongen, vart marknadsførde som «Jimi Hendrix-opptak» etter at han vart kjend.[64] Ved sidan av Curtis Knight and the Squires turnerte Hendrix i to månader med Joey Dee and the Starliters.

Innimellom spelinga med Curtis Knight i 1966 turnerte Hendrix og var med på plateinnspelingar med King Curtis. Hendrix var med på innspelinga av todelssingelen «Help Me (Get the Feeling)» med Ray Sharpe og King Curtis Orchestra (støttesporet vart seinare overdubba av andre vokalistar med annan tekst og gjeve ut som nye songar).[65] Seinare i 1966 var Hendrix også med på plateinnspelling med Lonnie Youngblood, ein saksofonist som av og til spela med Curtis Knight. Resultatet vart to Youngblood-singlar: «Go Go Shoes» / «Go Go Place» og «Soul Food (That’s What I Like)» / «Goodbye Bessie Mae». I tillegg kom det også singlar for andre artistar ut av opptaka: The Icemen sin «(My Girl) She’s a Fox» / «(I Wonder) What It Takes» og Jimmy Norman sin «You’re Only Hurting Yourself» / «That Little Old Groove Maker». Som med King Curtis-opptaka, vart støttespor og alternative opptak for Youngblood overdubba og manipulerte for å skape mange «nye» spor.[66] (Mange Youngblood-spor der Hendrix ikkje var med vart seinare marknadsførde som «Jimi Hendrix-opptak»).[67] Det var også på danne tida i 1966 at Hendrix fyrste gong vart kreditert som komponist, for dei to instrumentalane «Hornets Nest» og «Knock Yourself Out», som vart utgjevne som ein Curtis Knight and the Squires-singel.[68]


I 1966 starta Hendrix sitt eige band, kalla Jimmy James and the Blue Flames, som skapte seg eit namn, særleg på Cafe Wha? i Greenwich Village. Tidleg i 1966 vart Hendrix sett av Linda Keith, kjærasten til Keith Richards i The Rolling Stones. Ho anbefalte Hendrix til Andrew Loog Oldham og produsent Seymour Stein, men ingen av desse likte Hendrix. Det var først då Linda Keith fekk Animals-bassist Chas Chandler på banen at ting byrja å hende for alvor.

The Jimi Hendrix Experience[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Jimi Hendrix Experience.

Bassisten Chas Chandler hadde planar om å slutte i The Animals for å byrja ein karriere som produsent, og var på jakt etter nokon som kunne spela inn låten «Hey Joe». Første gongen Chandler høyrde Hendrix, spelte han denne låten. Imponert over Hendrix sin versjon av «Hey Joe», foreslo Chandler at Hendrix skulle verta med til England, og dei signerte ein kontrakt saman med Animals-manager Michael Jeffery. Hendrix flytta til England, der Chandler hjelpte til med å starta bandet The Jimi Hendrix Experience, med bassist Noel Redding og trommeslagar Mitch Mitchell.

Suksess i Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Etter opptredenen på musikkscene nr. 1 i Frankrike, L’Olympia i Paris på Johnny Hallyday-turneen, som vart motteken med entusiasme, ein scene-jamsession med Cream, framvisingsspeling på den nyopna popkjendisnattklubben The Bag O’Nails og dei svært viktige opptredenane på dei britiske popshowa Ready Steady Go! og Top of the Pops på BBC, vart Hendrix vidgjeten i musikkmiljøet i London seint i 1966. Sceneshowet til Hendrix og gitarmeistringa hans gjorde dei regjerande gitarheltane Eric Clapton og Jeff Beck, så vel som Brian Jones og medlemmer av The Beatles og The Who til tilhengjarar av han. Manageren til sistnemnde fekk elles Hendrix inn på det nye plateselskapet deira, Track Records.

Den fyrste singelen til Hendrix var ein versjon av «Hey Joe», med arrangementet til Tim Rose, som gjekk seinare og inkluderte ein kvinneleg korist. B-sida på den fyrste singelen frå 1966, «Experience», var den fyrste eigenkomposisjonen til Hendrix, «Stone Free». Neste suksess kom tidleg i 1967 med «Purple Haze», som hadde med «Hendrix-akkorden» og «The Wind Cries Mary». Alle tre singlane var på topp 10 i England og var også internasjonalt populære, mellom anna i Europa, Australia, New Zealand og Japan, sjølv om plata selde dårleg då ho seinare vart utgjeven i USA. På scena gjorde Hendrix også inntrykk med glødande tolkingar av B.B. King-hiten «Rock Me Baby» og ein rask versjon av Howlin’ Wolf-hiten «Killing Floor».

Are you Experienced[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Are You Experienced.
Plateomslaget til Are You Experienced.

Det første albumet var Are You Experienced, som kom ut i Storbritannia 12. mai 1967. Det gjekk til nr. to på hitlistene, berre forbigått av The Beatles´s Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band.

Jimi Hendrix på Gröna Lund i Sverige i 1967.

Hendrix turnerte mykje rundt i Europa, og utvikla sceneshowet sitt. Han sette fyr på gitaren fyrste gong 31. mars 1967, og knuste han etterpå. 4. juni 1967 spelte Experience sitt siste show i England før dei reiste til USA.

Suksess i USA[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om dei var populære i Europa, var dei heilt ukjende i USA. Høvet til å endre på det baud seg då Paul McCartney anbefalte dei til arrangørane av Monterey Pop Festival. Dette vart gjennombrotet for Hendrix i heimlandet, ikkje minst fordi konserten vart filma av D.A. Pennebaker, og filmen vart vist over heile landet som dokumentaren Monterey Pop, og Hendrix vart ikonifisert og udødeleggjort då han tende på og knuste gitaren under avslutningsnummeret «Wild Thing».

Etter festivalen turnerte Experience saman med The Monkeys. The Monkeys ville ha Hendrix til å opna konsertane for seg, men mesteparten av fansen til The Monkeys likte ikkje Hendrix, og samarbeidet vart raskt avbrote.

Axis: Bold as Love[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Axis: Bold as Love.

Experience ga ut sitt andre album 1. desember 1967, Axis: Bold as Love. Det var meir melodisk enn det første, og er og det første som er spelt inn med instrumenta stemt ein halv tone lågare enn vanleg, noko som Hendrix heldt fram med på seinare album og konsertar. Den lågare stemminga gjev gitaren ein litt mørkare klang, og det vert og lettare å bende strengene, ein teknikk som Hendrix gjorde mykje bruk av.

Eit uhell gjorde nesten at albumet gjekk i vasken. Hendrix gløymde igjen den ferdigmiksa mastertapen til side 1 i ein Londondrosje. Chas Chandler og Eddie Kramer prøvde å remikse mastertapen, men fekk det ikkje heilt til. Redninga vart ein kopi bassisten Noel Redding hadde heime hos seg, men bandet måtte strykast flatt med eit strykejern fordi bandspelaren hans hadde «ete» bandet.

Hendrix var misnøgd med omslaget. Han hadde bede om eit indiansk motiv grunna den indianske avstamminga si, men den britiske teiknaren misforstod og teikna eit indiskinspirert omslag.

Electric Ladyland[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Electric Ladyland.

Det tredje albumet vart eit dobbeltalbum, Electric Ladyland, utgjeve i oktober 1968. Det er innspelt i Record Plant i New York.

Etterkvart som innspelinga av Electric Ladyland gjekk framover vart Chas Chandler meir og meir frustrert med Hendrix sin perfeksjonisme og ymse vener og bekjente som oppheldt seg i studioet under innspelingane. Chandler hadde eit meir forretningsmessig tilhøve til musikken, og var tilhengar av korte songar, som kunne presenterast på ein singel. Innflyttinga hans på dei to første albuma er tydeleg, sett i lys av at få av låtane på desse er over fire minutt, og begge albuma er innspelt på ganske kort tid, og at dei fleste komposisjonane held seg innanfor popformatet. Etterkvart som Hendrix utvikla sin eigen visjon om korleis komposisjonane skulle vera, trekte Chandler seg meir og meir tilbake frå studioinnspelingane. Dette hadde ei klar innflytting på retninga Hendrix tok.

Hendrix byrja å eksperimentera med forskjellege kombinasjonar av musikarar og instrument, og moderne elektroniske effektar. Dave Mason, Chris Wood og Steve Winwood frå bandet Traffic, trommeslagar Buddy Miles og tidlegare organist for Bob Dylan, Al Kooper var alle med på innspelingane. Hendrix var ein perfeksjonist, noko som mellom anna gjorde seg utslag i at komposisjonen «Gypsy Eyes» vart spelt inn 43 gonger. Dette var frustrerande for bassisten Noel Redding, som ofte forlét studioet i sinne eller keisemd. Når han seinare kom tilbake fann han gjerne at Hendrix hadde spelt inn bassporet sjølv.

Albumet vart nær utgjeve under namnet Electric Landlady, då ein studioteknikar skreiv namnet feil. Feilen vart oppdaga av Hendrix i siste liten.

The Jimi Hendrix Experience vert oppløyst[endre | endre wikiteksten]

The Jimi Hendrix Experience hadde sin siste opptreden i England den 18. og 24. februar 1969 i The Royal Albert Hall, London. Det var to utselde konserter.

Noel Redding vart meir og meir frustrert over at han ikkje lenger fekk spele gitar, som var hans eigenteige instrument før han vart med Hendrix. I 1968 starta han sitt eige band kalla Fat Matress, som av og til opna showet for Experience. Redding og Hendrix gleid frå kvarandre, noko som også kan sjåast ved at Hendrix sjølv spelte fleire og fleire av basspora på Electric Ladyland-albumet.

Redding fann seg òg dårleg til rette med hysteriet rundt Hendrix. Den siste konserten med The Jimi Hendrix Experience var 29. juni 1969 på Barry Fey´s Denver Pop Festival i Denver i USA. Dei tre musikarane vart smugla ut av området i ein leigebil som vart delvis knust av fansen. Neste dag annonserte Redding at han hadde slutta i The Jimi Hendrix Experience.

Etter at Redding forsvann frå gruppa, tok Hendrix kontakt med sin gamle ven frå militæret og The King Kausuals, Billy Cox. Han hadde framleis med Mitch Mitchell på trommer, og gitaristen Larry Lee, ein annan gamal ven, og perkusjonistane Juma Sultan og Jerry Velez. Etter eit opphald på ein herregard i Shokan i New York der dei øvde, spelte gruppa på Woodstockfestivalen.

Woodstock[endre | endre wikiteksten]

Hendrix stod øvst på plakaten på Woodstockfestivalen 18. august 1969. Han var hovudattraksjonen, sjølv om store namn som The Who, Jefferson Airplane, Santana, Greatful Dead og Janis Joplin også spelte der. Det var meninga at Hendrix skulle avslutta festivalen søndag kveld. På grunn av enorme forseinkingar kom ikkje Hendrix på scenen før måndag morgon. Då var det berre toppen 180 000 igjen av eit publikum på 500 000. Desse venta berre på å sjå Hendrix opptre. Gruppa vart introdusert som The Jimi Hendrix Experience, men Hendrix retta det raskt til Gypsy Sun and Rainbows, og spelte så eit to timar langt sett, det lengste i karrieren. Sjølv om bandet ikkje var så samspelte som dei burde vore, leverte Hendrix ein historisk konsert. Framføringa av den amerikanske nasjonalsongen, «The Star Spangled Banner», er vorte ståande som eit symbol på 60-åra. Til trass for lydar som kan minna om maskingevær og fallande bomber, påstod Hendrix at det ikkje var meint som eit politisk utsegn, men berre som ei alternativ framføring av nasjonalsongen. Konfrontert med saka på Dick Cavett Show, sa Hendrix at han syntest versjonen var vakker.

Sein karriere[endre | endre wikiteksten]

Band of Gypsys[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Band of Gypsys.
Platinumplata til Band of Gypsies

I løpet av 1969 toppa problemet med den gamle kontrakten med Ed Chalpin seg. Resultatet av forhandlingane for å løyse dette var at partene vart einige om at det skulle spelast inn ei plate spesielt for Chalpin. Dette var bakgrunnen for albumet som vart spelt inn live nyårsaftan-69 i Fillmore East, og utgjeve under namnet Band of Gypsys.

The Gypsy Sun and Rainbows vart ei kortliva affære. Etter to spelejobbar, pluss ein opptreden på Dick Cavett Show, oppløyste Hendrix gruppa, men heldt på bassist Billy Cox. Saman med trommeslagar Buddy Miles danna han ein ny trio kalla Band of Gypsys. Etter ti dagars øving på Juggy´s Sound Studio var gruppa oppsiktsvekkjande samspelt, og produserte etterkvart ei stor mengd nytt materiale, inkludert mellom anna «Earth Blues», med The Ronettes på bakgrunnskor. Band of Gypsys heldt fire konsertar i Fillmore East i New York City, nyårsaftan og fyrste nyttårsdag 69-70. Opptaket frå den eine konserten vart til albumet Band of Gypsys, som dermed oppfylte kontrakten med Ed Chalpin. Dette er den einaste konsertinnspelinga som vart utgjeven mens Hendrix levde, om ein ser vekk frå samlealbumet frå Woodstockfestivalen, og inneheld noko av det beste han har gjort, inkludert antikrigskomposisjonen «Machine Gun».

Den andre og siste framferda med Band of Gypsys var ein månad seinare, den 28. januar 1970, på ein festival med tolv ulike band og artistar, kjend som Winter Festival for Peace i Madison Square Garden i New York. I likskap med under Woodstockfestivalen, vart Hendrix grunna forseinkingar nøydd til å opptre svært seint, nærare bestemt klokka tre på natta. Han kom på scenen i svært dårleg form, tydeleg påverka av stoff, og var ikkje i stand til å spele. Etter ein elendig versjon av «Who Knows» spelte bandet ein halv låt til, og så stoppa Hendrix midt i songen, og fortalde publikum: «That´s what happens when earth fuck with space – never forget that», og så sette han seg ned på scenen og vart etterkvart leia ut av scenepersonell. Det har vorte gjeve ymse ulike forklaringar på den bisarre framferda. Buddy Miles påstod at manager Michael Jeffery gav Hendrix LSD for å sabotera bandet for å få tilbake Experience, mens blueslegenda Johnny Winter sa det var Hendrix si venninne Devon Wilson som hadde hatt stoff i drinken hans av ein eller annan ukjend grunn.

Cry of Love-bandet[endre | endre wikiteksten]

Jeffery handla raskt etter skandalen. Han sparka Buddy Miles og Billy Cox, og fekk floge Noel Redding og Mitch Mitchell over frå England. Målet var eit comeback for Experience med den originale besetninga på ein komande turne. Men før det kom så langt sparka Hendrix Noel Redding, og fekk tilbake Billy Cox på bass. Mange kallar dette for Cry of Love-bandet, sidan dette var namnet på turneen.

Mesteparten av 1970 gjekk med til å spele inn i studio i løpet av veka, og konsertar i helgene. Cry of Love-turneen byrja i april på LA Forum i Los Angeles. Turneen omfatta 30 konsertar, og vart avslutta 1.august 1970 i HonoluluHawaii. Ein del av desse konsertane vart tatt opp, og dei er mellom dei beste Hendrix gjorde.

Electric Lady Studios[endre | endre wikiteksten]

Attende i 1968 investerte Hendrix og Jeffery i eit prosjekt der dei kjøpte ein klubb som heitte Generation Club i Greenwich Village i New York. Planen var å laga ein ny klubb, men dei fann ut at det var betre å bygga lokalet om til eit platestudio. Hendrix hadde på denne tida astronomisk høge leigekostnader til Electric Ladyland-albumet, og dei fann fort ut at det ville verta billegare å eige sitt eige studio.

Electric Lady Studios opna 1. august 1970, og var designa av arkitekten John Storyk. Det var laga spesielt for Hendrix, med runde vindauge, og ei maskin som kunne produsera mangefarga ljos. Hendrix spelte inn i berre fire veker i studioet, mesteparten medan siste hand vart lagt på verket av handverkarane. Ein opningsfest gjekk av stabelen 26. august 1970, etterfølgt av ei innspeling av «Belly Button Window». Han drog så til London med Air India for å spela på Isle of Wight-festivalen saman med Billy Cox og Mitch Mitchell.

På turne i Europa[endre | endre wikiteksten]

Ein turne i Europa var stabla på beina for å betala rekningar etter studiobygginga, skatt og andre utgifter, og for å skaffe pengar til produksjon av hans neste album, First Rays of the New Raising Sun. Men forventningar frå fansen om å spela gamle låtar, knusa gitarar og så bortetter gjorde Hendrix sur, og i Århus i Danmark gjekk han av scenen etter to songar, og sa: «I´ve been dead a long time».

På turne i Sverige oppdaga Hendrix duoen Hansson & Karlsson, og vart ein stor fan av dei. Han spelte inn deira komposisjon «Tax Free», som finst på den posthume utgjevinga War Heroes.

6. september 1970 heldt Hendrix sin siste offisielle konsert, på Fehmarn Festival i Vest-Tyskland. Det var ei dårleg stemning på festivalen, opprørsaktig atmosfære, og Hendrix vart møtt med buing på scenen.

Hendrix drog så til London, der han prøvde å avslutta samarbeidet med manager Michael Jefferys. Han gav også ein svart Fender Stratocaster til Linda Keith, som takk for at ho «oppdaga» han tidlegare i New York. I gitarkassen låg også all korrespondanse frå Keith. Hendrixs siste offentlege opptreden var ein uformell jam på Ronnie Scott´s Jazz Club i Soho i London, saman med Eric Burdon og bandet hans, War.

Ei dei siste kjende studioinnspelingane til Hendrix var på «Old Times Good Times» med Stephen Stills.

Død[endre | endre wikiteksten]

Jimi Hendrix døydde 18. september 1970 i ei leilegheit i Samarkand Hotel i London, etter å ha tatt ni sovepiller av merket Vesperax saman med noko vin. Omstenda rundt dødsfallet er ikkje heilt klarlagde, men det er på det reine at han var saman med Monika Dannemann siste natta. Han ligg gravlagt på gravplassen Greenwood Memorial Park i Renton utanfor Seattle der det har vorte reist eit minnesmerke.

Personlegdom[endre | endre wikiteksten]

Mote[endre | endre wikiteksten]

Hendrix var kjend for sin personlege klesstil, og han var svært opptatt av både kleda og frisyren sin. Eit sett med hårrullar var med i reiseveksa hans då han kom til England i 1966. Det første han gjorde etter å ha fått sin fyrste forskotssjekk var å reisa på kleshandel i London, på mellom anna butikken I was Lord Kitchener´s Valet, der han fekk tak i ei gamal britisk militærjakke. Bilete av Hendrix viser han med ringar, brosjer og medaljongar, og han nytta ofte pins som uttrykte solidaritet med hippierørsla og Bob Dylan, som han var ein stor fan av.

Politikk og rasisme[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om han vart ei verdsstjerne var det vanskeleg å unngå å bli utsett for rasisme, særleg i dei amerikanske sørstatane. Hendrix vart også kritisert av dei svarte for å spela «kvit musikk», og for å ha kvite musikarar i bandet. Han vart og stadig kontakta av forskjellige grupperingar, inkludert Black Panthers, som ville bruka han for å fremja sine eigne saker.

Narkotika[endre | endre wikiteksten]

Hendrix brukte truleg ein del LSD. Det finst og bilete av han medan han røykjer marihuana. Han nytta seg også av piller, både sovepiller og oppkvikkande piller. Han var berykta blant vener for å verte sint og voldsam når han drakk alkohol.

Hendrix vart arrestert 3. mai 1969 på flyplassen i Toronto med hasj og heroin i bagasjen. Hendrix påstod i rettsaka at stoffet var lagt i bagen hans av ein tilhengar, og han vart frikjent.

Det er ingen haldepunkt for å seie at Hendrix nytta heroin, og ingen i familien hans, kjærestar eller vener, eller nokon av hans biografar har påstått at han var heroinbrukar. Det var ikkje spor av heroin i kroppen hans etter at han var død, og det var heller ikkje sprøytemerke på han.

Arv[endre | endre wikiteksten]

Gitarar[endre | endre wikiteksten]

Fender Stratocaster[endre | endre wikiteksten]

Hendrix eigde og spelte forskjellige gitarar opp gjennom karrieren, men er mest kjend for å spela på Fender Stratocaster.
Han kjøpte sin første Stratocaster i 1965.

Gibson SG[endre | endre wikiteksten]

Gibson Flying V[endre | endre wikiteksten]

Hendrix eigde fleire Gibson Flying V, mellom anna ein som han sjølv hadde måla om. Han hadde og ein spesiallaga Flying V for venstrehandsspeling. Han nytta ofte Flying V når han spelte «Red House».

Forsterkarar[endre | endre wikiteksten]

Marshall[endre | endre wikiteksten]

Hendrix er mest kjend for sine Marshall-stack. Han spelte på Marshall JTM 45 forsterkarar, med 4x12 høgtalarkassar. Etterkvart brukte han to forsterkarar med til saman fire høgtalarkassar.

Fender[endre | endre wikiteksten]

Hendrix spelte og mykje på Fender, særleg i studio, men også på konsertar. Han hadde ein periode eit oppsett med Fender Dual Showman som han nytta live. I studio nytta han Fender Twin Reverb, Fender Bassman og Fender Dual Showman, ofte med Marshall høgtalarkassar. Albumet Axis: Bold as Love er spelt inn med mykje Fender, mellom anna er innspelinga av «Little Wing» ein Fender med ein spesiallaga roterande høgtalar frå Olympic Studios i London.

Effektpedalar[endre | endre wikiteksten]

Dallas Arbiter Fuzz Face[endre | endre wikiteksten]

Hendrix nytta Dallas Arbiter Fuzz Face mykje, særleg i starten av karrieren. Etterkvart laga elektronikkeksperten Roger Mayer mange modifikasjonar av pedalen, men live nytta Hendrix mykje Fuzz Face.

Vox wah-wah[endre | endre wikiteksten]

Hendrix er for alltid assosiert med lyden av wah-wah-pedalen. Han føretrekte ein modell som er kjent som Clyde McCoy picture wah, fordi den hadde eit bilete av trompetisten Clyde McCoy på baksida av pedalen. Han var laga av Jen i Italia, men vart marknadsført under namnet Vox.

Roger Mayer Axis Fuzz[endre | endre wikiteksten]

Axis Fuzz-pedalen blei spesialbygd av Roger Mayer og brukt på Axis: Bold as Love samt Band of Gypsys. Det er usikkert om den blei brukt på andre plater eller på konsertar. Dette er ein fuzz-pedal som er klart forskjellig frå ein fuzz face. Teknisk sett liknar den meir på ein Octavia (Octavio) utan oktav-effekt.

Roger Mayer Octavio[endre | endre wikiteksten]

Hendrix møtte Roger Mayer mens han heldt på med innspelinga av Purple Haze. Mayer hadde då under utvikling ein pedal som produserte ein tone som var ein oktav høgare enn den som vart spelt, i tillegg til å gje ei forvrenging av lyden. Hendrix la på eit nytt spor med denne pedalen på «Purple Haze», og nytta han mykje på Axis: Bold as Love og mykje live, mellom anna på Band of Gypsies-albumet.

Univox Uni-Vibe[endre | endre wikiteksten]

Det amerikanske selskapet Univox kom på marknaden med ein pedal i 1969 som skulle etterlikna lyden av ein roterande høgtalar. Hendrix adopterte raskt denne pedalen, og han vart ein del av lydpaletten hans frå 1969. Denne pedalen vart til dømes brukt på «Machine Gun» på Band of Gypsies.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Denne lista omfattar berre dei offisielle utgjevingane som kom medan Hendrix levde. Det har også vore gjeve ut eit stort tal samleplater

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jimi Hendrix – A Visual Documentary av Tony Brown (Omnibus Press, 1992).
  • Jimi Hendrix – Electric Gypsy av Harry Shapiro og Caesar Glebbeek (St. Martin’s Griffin, 1995).
  • Jimi Hendrix – Voices From Home av Mary Willix (Creative Forces Publishing, 1995).
  • My Son Jimi av James A. Hendrix (Aljas Enterprises, 1999).
  • Jimi Hendrix – The Ultimate Experience av Johnny Black (Thunder’s Mouth Press, 1999).
  • Black Gold – The Lost Archives of Jimi Hendrix av Steven Roby (Billboard Books, 2002).
  • Jimi Hendrix – Musician av Keith Shadwick (Backbeat Books, 2003).
  • Room Full of Mirrors: A Biography of Jimi Hendrix av Charles R. Cross (Hyperion, 2005).
  • Jimi Hendrix – The studio log av Gary Geldeart og Steve Rodham (Jimpress, 2008).
  • Ultimate Hendrix av John McDermott, Eddie Kramer og Billy Cox (Backbeat Books, 2009).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Cross 2005, s. 8.
  2. «Hendrix Voted World's Best Guitarist hjå Sky News (07.08.2002).
  3. Artists, Writers, and Musicians: An Encyclopedia of People Who Changed the World» av Michel-André Bossy, Thomas Brothers og John C. McEnroe (Greenwood Publishing Group, 2001) s. 85.
  4. «Hendrix hits top note again as best guitarist in history» hjå The Independent (28.08.2003).
  5. The Praeger handbook of education and psychology» av Joe L. Kincheloe og Raymond A. Horn (Greenwood Publishing Group, 2008), s. 849.
  6. «Jimi Hendrix» i Encyclopedia Britannica.
  7. «Jimi Hendrix's Influence on Jazz» på Allaboutjazz.com (05.09.2008).
  8. Shadwick 2003, s. 92.
  9. Jimi Hendrix and the Making of Are You Experienced av Sean Egan (Chicago Review Press, 2002), intervju med Lonnie Youngblood.
  10. Shadwick 2003, s. 39.
  11. CD-en Blues frå MCA, notat på omslaget av Jeff Hannusch, s. 2.
  12. DVD-en A Film About Jimi Hendrix (luksusutgåva) – ekstramateriale: «From The Ukelele to the Strat, Faye Pridgeon Interview» (Warner Bros.)
  13. Willix 1995, s. 28, 38 og 73.
  14. 14,0 14,1 «I want to do with my guitar what Little Richard does with his voice.» – The Life and Times of Little Richard: The Authorized Biography av Charles A. White (Omnibus Press, 2003), s. 125–128, 131–132, 163, 228
  15. «Carlos Santana on Jimi Hendrix» av Carlos Santana (UniVibes, 1995)
  16. «The 100 Greatest Guitarists of All Time» hjå Rolling Stone (27.08.2003)
  17. Black Gold: The Lost Archives of Jimi Hendrix av Steven Roby (Billboard Books, 2002).
  18. J.A. Hendrix 1999, s. ?.
  19. «Vital Event Index» hjå BC Archives.
  20. J.A. Hendrix 1999, s. 50.
  21. Shapiro og Glebbeek 1995, s. ?.
  22. Cross 2005, s. 33–41.
  23. Willix 1995, s. 167.
  24. The Jimi Hendrix Experience av Jerry Hopkins (1983), s.36–37.
  25. J.A. Hendrix 1999, s. 113.
  26. Shapiro og Glebbeek 1995, s. 28–29.
  27. Willix 1995, s. 57, 63, 95 og 137.
  28. J.A. Hendrix 1999, s. 122.
  29. «Voodoo Child: Jimi Hendrix and the Politics of Race in the Sixties» av Philip Deloria i Imagine Nation: The American Counterculture of the 1960s and '70s (New York: Routledge, 2002).
  30. J.A. Hendrix 1999, s. ?.
  31. J.A. Hendrix 1999, s. 126.
  32. Cross 2005, s. 73–74.
  33. «Jimi's Private Parts» hjå The Smoking Gun.
  34. «Billy Cox. Biography» av Greg Prato hjå Allmusicguide.com.
  35. «…once you get out there everything is so quiet, all you hear is the breezes-s-s-s…»
  36. Black Gold av Steven Roby (Billboard Books, 2002), s. 15.
  37. Jimi Hendrix. The Dick Cavett Show, DVD-klipp (Universal Island).
  38. Cross 2005, s. 97.
  39. «…the idea of doing that came to me in a town in Tennessee. Down there you have to play with your teeth or else you get shot. There’s a trail of broken teeth all over the stage…» – Melody Maker (01.03.1969).
  40. «Climbing Aboard 'Night Train to Nashville'» hjå Country Music Television (2004).
  41. Intervju med Lee og Cox på DVD-en frå Woodstock.
  42. Intervju med Cox på DVD-en A Film About Jimi Hendrix.
  43. Shadwick 2003, s. 42–43.
  44. Shadwick 2003, s. 44.
  45. «Tommy Chong: From Guitar to Bong» av Aaron Kayce på HarpMagazine.com (2007).
  46. Univibes nr. 5 av Caesar Glebbeek (Warner Brothers, 2005), s. 4–5.
  47. Shadwick 2003, s. 50.
  48. A Film About Jimi Hendrix av Joe Boyd (Warner Brothers, 1973).
  49. Shapiro og Glebbeek 1995, s. 82.
  50. Brown 1992, s. 29.
  51. Black 1999, s. 33.
  52. Roby 2002, s. 31.
  53. Shadwick 2003, s. 54.
  54. McDermott et al. 2009, s. 11.
  55. Shadwick 2003, s. 55.
  56. Kreditering på «My Diary» med Arthur Lee (Revis Records), 1964.
  57. Shadwick 2003, s. 56–57
  58. Geldeart og Rodham 2008, s. 21.
  59. Shadwick 2003, s. 56–57.
  60. Shadwick 2003, s. 57.
  61. Shapiro og Glebbeek 1990, s. 95.
  62. Cross 2005, s. 120.
  63. Jimi Hendrix Litigation Results In Contempt Order, Judgment Payment» på Blabbermouth.net (12.04.2007).
  64. McDermott 2009, s. 15.
  65. Shadwick 2003, s. 69.
  66. McDermott 2009, s. 16–17.
  67. Shadwick 2003, s. 71.
  68. Geldeart og Rodham 2008, s. 22–24.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]