Anaïs Bescond
Anaïs Bescond | |
![]() | |
Fødd | 15. mai 1987 (33 år) Aunay-sur-Odon |
Yrke | skiskyttar |
Anaïs Bescond på Commons |
Anaïs Bescond (fødd 15. mai 1987) er ein fransk skiskyttar fødd i Aunay-sur-Odon i Normandie. Ho har vunne ein gullmedalje og fem sølvmedaljar i ulike verdsmeisterskap i skiskyting i tida 2011-16.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Bescond gjekk på dei franske laga som tok sølv i 4 x 6 km stafett under VM i skiskyting 2011 og 2012, begge gongane bak tyske mannskap. Ho deltok i vinterleikane 2014 i Sotsji og gjorde fleire gode prestajonar i dei indviduelle tevlingane, med femteplassar på både sprinten og i normalpropgrammet som dei fremste. Under VM i skiskyting 2015 i finske Kontiolahti tok ho sitt tredje VM-sølv i 4 x 6 km stafett, og hadde dessutan tidlegare i meisterskapen sikra seg endå eit VM-sølv då ho gjekk ein etappe for Frankrike i mixstafetten.
Då VM i skiskyting 2016 tok til i Holmenkollen gjekk Bescond den fyrste etappen i opningstevlinga med mixstafett. Saman med Marie Dorin Habert, Quentin Fillon Maillet og Martin Fourcade vart ho verdsmeister i øvinga. Seinare i Oslo-VM gjekk ho inn til sølv på 15 km, vel 12 sekundar bak lagvenninna Marie Dorin Habert. Begge trefte på 19 av 20 blinkar.
Bescond vann 7,5 km sprint i verdscuprenna 2014 i italienske Antholz, hennar einaste indviduelle triumf i verdscupen i skiskyting.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Anaïs Bescond» frå Wikipedia på tysk, den 9. mars 2016.