Marie Dorin Habert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marie Dorin Habert

Marie Dorin (cropped).jpg

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 19. juni 1986
Lyon
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar, military athlete

Marie Dorin-Habert, (fødd 19. juni 1986) er ein fransk skiskyttar frå Lyon, busett i småbyen Laval. Ho vart verdsmeister på 7,5 km ved VM i skiskyting 2015, fem år etter ho tok bronsemedaljen i same øvinga under Vinter-OL 2010. Dorin-Habert har elles vunne fem sølvmedaljar og to bronsemedaljar i ulike stafettar i fleire VM og OL i tida 2009-15.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Marie Dorin vann si fyrste VM-medalje, ein bronse, då ho gjekk tredjeetappen for Frankrike på 4 x 6 km stafett under VM i skiskyting 2009 i Pyeongchang. Under dei olympiske leikane i Vancouver vinteren 2010 sikra ho seg bronsemedaljen på 7,5 km etter prikkfri skyting. Seinare i vinterleikane kunne ho innkassere ein sølvmedalje på 4 x 6 km stafett, ein medaljefangst som ho, til liks med sesongen i førevegen, delte med Marie-Laure Brunet, Sylvie Becaert og ankerkvinna Sandrine Bailly.

Under VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk stod Dorin for gode prestasjonar i alle tevlingane. Medaljane kom i mixstafetten og i kvinnestafetten, bronse i den fyrste og sølv i den andre. I VM 2012 kopierte dei same franske kvinnene; Brunet, Sophie Boilley, Anaïs Bescond og Dorin-Habert, eit nytt sølvløp på stafetten over 4 x 6 km. Individuelt vart Dorin-Habert nummer fire på 15 km. Også frå VM 2013 kom Dorin-Habert heim med sølv, men då på mixstaffen i lag med Brunet, Alexis Bæuf og Martin Fourcade.

Etter at OL-sesongen 2014 vart prega av sjukdom kom Dorin-Habert utover i 2015-sesongen sterkt tilbake. Under VM i skiskyting i Kontiolahti tok ho sølv med det franske laget på mixstafetten, før ho den 7. mars vann gullmedaljen på 7,5 km med ein sigersmargin på 9,6 sekundar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar