Anatol Heintz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anatol Heintz
AnatolHeintz.jpg
Fødd9. februar 1898
St. Petersburg
Død23. februar 1975
Bærum
NasjonalitetNoreg
Yrkepaleontolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Anatol Heintz (9. februar 189823. februar 1975) var ein norsk-russisk paleontolog.

Heintz var fødd i St. Petersburg og kom til Noreg i 1919. Frå 1926 var han knytt til det paleontologiske museet ved Universitetet i Oslo, først som konservator og seinare som bestyrar og professor. Det vitskaplege arbeidsområdet hans omfatta hovudsakleg studiar av fossile urfisk og primitive fisk, men han arbeidde òg med norske mammutfunn. Heintz underviste i paleontologi og var verksam som populærvitskapleg forfatter og føredragshaldar. Han gav i tillegg til mange artiklar ut fleire bøker, mellom andre Menneskets avstamning (1941, 1966) og Verdener som svant (saman med J. Kiær, 1943).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]