Mammut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mammut
Utbreiing
Utbreiinga av mammut
Utbreiinga av mammut
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Snabeldyr Proboscidea
Familie: Elefantfamilien Elephantidae
Underfamilie: Elephantinae
Stamme: Elephantini
Understamme: Elephantina
Slekt: Mammut Mammuthus
Brooks, 1828

Mammut er namnet på fleire utdøydde dyr i elefantfamilien. Mammutar var nærmast i slekt med den nålevande indiske elefanten. Dei levde på steppene i Nord-Amerika og Eurasia gjennom Pleistocen-tida, og heldt seg som regel ved iskantane.

Mange stader i verda, også i Noreg, kan ein finne rester av mammutar. I Gudbrandsdalen har ein gjort mange funn av støyttenner. I Sibir har ein funne mammutar godt bevarte i isen. Derfor veit ein ein del om korleis dyret såg ut og kva det åt.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Mammutane likna elefantar, men utmerka seg ved ein stor kul på hovudet og ein pukkel framme på ryggen. Kroppen var dekt med tett, tjukt hår, og hadde eit opptil 12 cm tjukt lag med spekk under huda ved vinterstid. Støyttennene kunne verte opptil tre meter lange og vege 80 kg, og snodde seg etter kvart som dei voks. Hoene hadde mindre og rettare støyttenner enn hannane.

Det fanst fleire mammutartar i ulike storleikar i ulike delar av verda. Dei største mammutartane levde i Nord-Amerika, og kunne bli 5 meter høge ved skuldrene. Dei fleste av dei vart likevel ikkje stort større enn dei indiske elefantane vert i dag.

Utrydding[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste mammutartane døydde ut samstundes med at den siste istida slutta for om lag 12000 år sidan. Nokre få, isolerte bestandar heldt likevel stand; på St.Paul Island i Alaska klarte dei seg heilt til år 6000 f. Kr., og ein dvergart som levde på Wrangeløya døydde ikkje ut før mellom år 1700 og 1500 f. Kr. Forskarane er usamde i kvifor dei døydde ut.

Dei viktigaste hypotesane om utrydjinga går på dårleg tilpassing til klimatiske endringar og menneskeleg overbeskatning. Nokre forskarar meiner òg at dei vart offer for ein epidemi. Dei fleste meiner likevel at løysinga ligg i ein kombinasjon av klimaendringar og jakt.

Det har vorte vist, ut frå studium gjort på moderne elefantar, at menneskeleg påverknad kan ha vore ein faktor, om ikkje den einaste. Ein veit at allereie menneskearten Homo erectus åt mammutkjøt så tidleg som for 1,8 millionar år sidan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mammut