Hopp til innhald

Paleontologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Paleontolog)

Paleontologi er læra om forhistoriske plantar og dyr, basert på spor i form av fossilar. Paleontologi er ein del av naturvitskapen, og er i slekt med geologi og biologi. Fossila kan vere forsteina kalkskal etter muslingar og sniglar, skjelett-restar eller det kan vere avleiringar etter mikroorganismar.

I Noreg er det kjente førekomstar av fossila i Oslo-feltet og på Svalbard.