Anatomiske rørsleskildringar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rørsle er skildra ved bruk av spesifikke anatomiske omgrep. Rørsle førekjem i organa, lemmene og andre spesifikke kroppsdelar. Terminologien som blir bruka skildrar denne rørsla i samsvar med den relative retninga til ledda i anatomisk utgongsstilling. Anatomar brukar ei einskapleg samling av omgrep for å skildra rørsle, men den unike rørsla i hendene, føtne og augene krever ofte spesialiserte omgrep.

Rørsle blir ofte klassifisert i samsvar med anatomiske plan. Fleksjon og ekstensjon er døme på vinkelrørsle, der to aksar i eit ledd høvesvis blir ført nærare eller lenger vekk frå kvarandre. Rotasjonsrørsle blir skildra som intern eller ekstern og kan førekoma i somme ledd, som til dømes skuldra. Andre omgrep, som til dømes elevasjon og depresjon, visar høvesvis til rørsle over eller under horisontalplanet. Mange anatomiske omgrep stammar frå latin, der dei ofte har same tyding.

Læra om rørsle vert kalla rørslelære, og må ikkje forvekslast med «anvendt» kinesiologi, som er ei alternativ behandlingsform.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Rørsle er klassifisert etter dei anatomiske plana rørsla førekjem i,[1] sjølv om rørsle oftast er ein kombinasjon av fleire rørsler samstundes.[2] Rørsle kan delast inn i kategoriar i høve til ledda som er involvert:

  • Gliderørsle førekjem mellom flate overflater, som til dømes i mellomvirvelskivene eller mellom knoklane i handrota og mellomhanda.[1]
  • Angulær rørsle førekjem over synovialledda og aukar eller minskar vinkelen mellom desse.[1]
  • Rotasjonal rørsle flyttar strukturar rundt ein lengdeakse, som til dømes når ein bøyar hovudet bakover eller kikkar til sidene.[3]

Rørsle kan òg delast inn i:

  • Lineær eller translatorisk rørsle, der strukturen vert flytta langs ei line mellom to punkt. Rektilineær rørsle skildrar rørsle langs ei rett linje mellom to punkt, medan kurvilineær rørsle skildrar rørsle langs ein krumma bane.[2]
  • Angulær rørsle førekjem når eit objekt omfemnar eit anna objekt medan det aukar eller minskar vinkelen. Dei ulike delane av objektet rører seg i ulike lengder. Dømer på dette er rørsle i kneet der leggen endrar vinkel i forhold til lårbeinet, eller rørsle i ankelen.[2]

Abnorm rørsle[endre | endre wikiteksten]

Prefikset hyper- vert stundom lagt til for å skildre rørsle som overgår dei normale grensene, som til dømes ved hypermobilitet, hyperfleksjon eller hyperekstensjon. Rørsleområdet skildrar det området eit ledd kan flytta seg over.[4] Viss eit ledd vert overstrekt eller «bøygd bakover» kan ein skildra leddet som hyperekstendert. Hyperekstensjon aukar stresset på leddbanda i leddet, og oppstår ikkje alltid etter friviljuge rørsler. Det kan skuldast ulukker, fall eller andre formar for trauma. Det kan brukast i kirurgi, der ein stundom disloserer ledda for å utføre kirurgiske inngrep.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. 1,0 1,1 1,2 Marieb 2010, s. 212.
  2. 2,0 2,1 2,2 Lippert 2011, s. 6-7.
  3. Kendall 2005, s. 57.
  4. Kendall 2005, s. G-4.
  5. Seeley 1998, s. 229.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Marieb, Elaine N.; Wilhelm, Particia B.; Mallat, Jon (2010). Human Anatomy. Pearson. ISBN 978-0-321-61611-1. 
  • Lippert, Lynn S. (2011). Clinical Kinesiology and Anatomy (5th utg.). F. A. Davis Company. ISBN 978-0-8036-2363-7. 
  • Kendall, Florence Peterson; [et al.] (2005). Muscles : testing and function with posture and pain (5th utg.). Baltimore, MD: Lippincott Williams & Wilkins. ISBN 0-7817-4780-5. 
  • Seeley, Rod R.; Stephens, Trent D.; Tate, Philip (1998). Anatomy & Physiology (4th utg.). WCB/McGraw-Hill. ISBN 0-697-41107-9. 
Spire Denne Anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.