Leddband
Leddband | |
![]() Diagram over det høgre kneet. | |
![]() Typisk ledd. | |
Medisinsk namn | Ligamentum |
---|---|
Klassifikasjonar og ressursar | |
MeSH | D008022 |
Leddband eller ligament (frå latin ligamentum) er eit fiberaktig vev ein finn rundt ledd, og som har til oppgåve å forsterka leddet som samanbinding mellom to ulike bein. Utan leddband ville ledda lett gått ut av stilling. Leddband har stor strekkstyrke, men er likevel forholdsvis elastiske.
To ulike typar leddband[endre | endre wikiteksten]
Forsterkingsband[endre | endre wikiteksten]
Forsterkningsbanda har som oppgåve å stabilisera leddkapselen.
Føringsband[endre | endre wikiteksten]
Føringsband har som oppgåve å styra rørsla i leddet. Eit døme er kollateralligamentene som er på kvar side av hengselledd, og er til for å hindra siderørsler.
Skadar og smerte[endre | endre wikiteksten]
Inni leddbanda finst det ofte mange nervar, og desse spelar ei viktig rolle for at ein skal oppfatta stillingar og rørsler i ledda. På den andre sida fører dette, i kombinasjon med lågt stoffskifte og liten blodtilførsel, til at leddbanda er smerteømfintlege og lækjer seg dårleg ved skade. Dersom ein overstrekk eit leddband kan det veikjast for alltid.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Leddbånd» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juni 2020.