Anders Øvergaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Øvergaard
Fødd20. januar 1988 (33 år)
FødestadBærum
Verka somfilmregissør

Anders Øvergaard (fødd 20. januar 1988 i Bærum)[1][2] er ein norsk filmregissør frå Vettre i Asker.[3] Øvergaard driv i dag sitt eige filmselskap, AXP.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Som tolvåring begynte Anders Øvergaard å låna farens analoge kamera til å laga sine eigne filmar. I 2006 bygde han sitt eige handheldte «steadycam». Då folk meldte interesse for kameraet hans, produserte han fleire av dei, starta eit nytt selskap med eiga nettside for kameraet, som han kalla WalKam[4] og hadde snart selt over 70 stykke, både i Noreg og til utlandet. På vidaregåande tok han media og kommunikasjon, og produserte på den tida sin fyrste miniserie, Fortapt. Dei førti skodespelarane i serien var vener og kjenningar, og Øvergaard sjølv stod for manus, regi, filming og klipp. Fortapt fekk ei framsyning på ein lokalkino i oktober 2007. Anders Øvergaard studerte ved Nordland kunst- og filmfagskole i Kabelvåg etter fullført vgs. Her produserte han to kortfilmar; komedien Alt for Norge og science fiction-inspirerte Kontakt. Sistnemnte vann prisen "Best Student Sci-Fi Short" under The International Horror & Sci-Fi Film Festival i Scottsdale i Arizona.[5]

Til siste hinder[endre | endre wikiteksten]

Kort tid etter uteksamineringa frå filmskulen, vart Øvergaard beden om å regissera barnefilmen Til siste hinder. Filmen vart laga saman med manusforfattaren bak NRK-serien Himmelblå, Kathrine Haugen, og vart spelt inn på Sømna.[6] Til siste hinder handlar om ei jente som flyttar til ei lita bygd på Helgelandskysten, og korleis ho der blir kjend med ein mørk hest. Filmen fekk blanda kritikk i norske media, men under filmfestivalen Nordische Filmtage i Lübeck vann filmen prisen for beste barne- og ungdomsfilm.[7] Seinare, under Filmfestivalen i Haugesund 2012 vann Til siste hinder Amandaprisen for beste barne- og ungdomsfilm,[8] og vart også kåra til beste barnefilm under Stockholm Filmfestival Junior 2012.

A Silhouette Story[endre | endre wikiteksten]

Anders Øvergaard imponerte også Hollywood-filmskaparen Harald Zwart då han vann kortfilmtevlinga under LAN-partyet The Gathering. Øvergaards film, A Silhouette Story, nytta skuggeteater som teknikk. Han vart spelt inn på berre éi veke, det vart brukt IKEA-laken som kulissar, vener stilte opp som skodespelarar og filmmusikarar. Dermed kom produksjonskostnadene på under 100 kroner. Zwart var særleg begeistra over skuggeteaterteknikken i filmen og den stramme forteljarstrukturen og annonserte live på storskjerm at A Silhouette Story var ein klår vinnar.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]