Hopp til innhald

Himmelblå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Himmelblå
Typefjernsynsserie
SjangerDramaserie
OpphavslandNoreg
Produksjonsland Noreg
Introduksjonsår2008
Sesongar3
Episodar24
Lengd25 minutt
SpråkNorsk
SkaparTimothy Prager
ProdusentTore Bergstrøm
Vegard Sternberg Eriksen
Basert påTwo Thousand Acres of Sky
MusikkMartin Horntveth
MedverkandeLine Verndal
Periode7. september 2008–
25. april 2010
KanalNRK
Biletformat16:9
LydformatSurround

Himmelblå er ein norsk dramaserie produsert av NRK Drama. Serien er hovudsakleg spelt inn på Ylvingen i Nordland, som også er der mesteparten av handlinga går føre med.

Himmelblå hadde premiere 7. september 2008 på NRK1. Serien vann klassen beste TV-drama under Gullruten 2009. I tillegg vann Lena Kristin Ellingsen frå serien klassen beste kvinnelege skodespelar under same utdelinga.

Den norske serien byggjer på Two Thousand Acres of Sky som blei vist på BBC1 frå 2001 til 2003. Denne blei skriven av Timothy Prager og produsert av Adrian Bate

Serien handlar om eit lite øysamfunn i Nord-Noreg, Ylvingen. Skolen på øya har for få elevar til at det kan sikrast vidare drift. Derfor set lokalbefolkninga inn ein annonse i VG og søkjer etter ein etablert familie med barn i skolepliktig alder. I Oslo jobbar aleinemora Marit (Line Verndal) som kokke med mykje kveldsarbeid. Ho vil nytte høvet til å starte eit nytt liv med eiga verksemd der. Kim blir med som fiktiv «ektemann». På Ylvingen startar ho pensjonatet Himmelblå.

Produksjon

[endre | endre wikiteksten]

Eva Dahr var konseptuerande regissør for serien. Dei andre regissørane var Vibeke Ringen, Anne Sewitsky, Tor Tørstad og Mathias Calmeyer. Manuset er skrive av Kathrine Haugen, Sissel Haugen, Lasse Nederhoed, Anne Sewitsky og Mathias Calmeyer. Margrete Kåset har vore manusredaktør. Sjefsfotografar har vore Helge Semb, Hans Erik Lindbom , Christine Heitmann og Leif O. Bergundhaugen, og musikken er laga av Martin Horntvedt. Produsentar for serien var Tore Bergstrøm og Vegard Stenberg Eriksen, lineproducarar Inger Vatne og Cecilie Nordstrøm. Prosjektsjef for serien og initiativtakar var Petter Wallace. Dramasjef var Hans Rossine.

Sjølv om både innspeling og handling er lagt til Ylvingen på Helgeland, snakkar skodespelarane ikkje helgelandsdialekt, men eit standard nordnorsk talemål, tilpassa dialektar lenger nordfrå.[1]

Premieren vart send søndag 7. september 2008 med to episodar første dag. Den første episoden vart sett av 922 000 sjåarar, mens episode to som gjekk rett etterpå, hadde 1 099 000 sjåarar, noko som var rekordtal for ein norsk dramaseriepremiere etter år 2000.

Sjåartala nådde i den siste episoden som vart send på NRK1 søndag 22. mars 2009 1 309 000.

SkodespelararRollenamnFunksjon/forholdSesong
Line VerndalMaritHovudperson1-
Edward SchultheissKimBestevennen og den fiktive ektemannen til Marit (i starten)1-
Elvira HaalandIrisDottera til Marit1-
Sebastian WarholmRobinSonen til Marit1-
Ketil HøeghBrynjar YlvingenHandelsmann1-
Guri JohnsonLivKona, deretter eks-kona, til Brynjar1
Ingrid VollanBrittSambuar, deretter kona til Brynjar; lærer1-
Lena Kristin EllingsenKaroline YlvingenDottera til Brynjar og Liv1-
Hallvard HolmenRoy Harry HansenSkyssbåteigar og -drivar1-
Terje Skonseng NaudeerRoland YlvingenBror til Vivian1-
Nina BendiksenVivianSøster til Roland1-
Mathias CalmeyerJensEktemannen til Vivian1-
Sondre AasenLille-JensSonen til Vivian og Jens1-
Gunnar SølaAmundFar til Vivian og Roland1
Sigmund SæverudJohanEktemannen til Ingeborg1-
Julie ØksnesIngeborgKona til Johan1-2
John Sigurd KristensenHalleSonen til Johan og Ingeborg1-
Zita DjenesKlaraHushalderska til Halle, frå Romania1-
Eirik EvjenKristofferOmreisande skolefotograf1
Iren ReppenMonicaTidlegare skolekamerat av Roy1-
Marika EnstadRakelTilbakeflyttande2-
Kamilla Grønli HartvigKristelDotter av Rakel2-

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Brønnøysund avis, arkivert frå originalen 13. oktober 2008, henta 14. mai 2009

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]