Anders Halvorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Halvorsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. mars 1969 (55 år)
Idrett friidrett
Tok del i

sleggjekast

Anders Halvorsen (fødd 1. mars 1969) er ein norsk tidlegare sleggjekastar frå Slevik i Fredrikstad. I tida 1989-2006 vann han 7 gullmedaljar, 5 sølvmedaljar og 4 bronsemedaljar i øvinga under noregsmeisterskap i friidrett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Anders Halvorsen vart noregsmeister i sleggjekasting 1992-94, 2000-01 og 2004-05. Allereie frå 1989 høyrde han med i eliten av norske sleggjekastarar. Det året sette han personbeste med eit kast på 62,74 meter, ein personleg rekord han auka til 64,30 m i 1990 og til 67,86 m i 1991. Etter den tid stagnerte utviklinga, men han makta forbetre sitt livsbeste til 68,24 meter, oppnådd ved eit stemne i Tønsberg 30. august 1994.

Halvorsen var medlem i Fredrikstad IF fram til 1990. Sidan representerte han Moss IL i 1991-92, SK Vidar åra 1993-2001 og frå 2002 Norna-Salhus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]