Anders Henriksson Sandstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Henriksson Sandstad
Anders og Christiane Johanne Sandstad (cropped).jpg
Fødd 12. september 1804
Død

17. august 1904

Anders Henriksson Sandstad (12. september 180417. august 1904) var ein norsk gardbrukar, lensmann, ordførar og stortingsmann frå Skogn i Nord-Trøndelag.

Far hans busette seg på garden Sandstad i Skogn i 1805, og dreiv denne til sonen tok over drifta i 1826. Sonen hadde innan då teke underoffiserseksamen i 1824, og var underoffiser til 1829. Åra 1830-38 var han lensmann i Ytterøy. Han var medlem av heradsstyret i Skogn i 22 år, 20 av åra sat han i formannskapet og i 15 av dei var han ordførar. Også medlem av forlikskommisjonen i mange år.

Sandstad var stortingsmann frå Nordre Trondhjems amt i 1848, 1851 og 1859-60. På dei to fyrste tingsamlingane var han medlem av næringskomite nr 2, medan han i 1859-60 var medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Han var på ulike varamannsplassar til seks av stortinga mellom 1845 og 1869.

Han vart tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Han døydde i 1904 på garden sin i Skogn, nær 100 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]