Skogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skogn
tettstad
none  Utsikt mot Skogn frå Alstadhaug kyrkje
Utsikt mot Skogn frå Alstadhaug kyrkje
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nord-Trøndelag
Kommune Levanger
Areal 1,42 km²
Folketal 1 989 (2015)
Folketettleik 1 401 / km²
Postnummer 7620 SKOGN
Innbyggjarnamn Skogning
Preposisjon Skogn
Wikimedia Commons: Skogn

Skogn er ei bygd og tettstad i Levanger kommune. Folketalet i tettstaden er 1 989 innbyggjarar (2015).

Skogn er eit prestegjeld i Sør-Innherad prosti i Nidaros bispedøme i Den norske kyrkja med sokna Alstadhaug, Ekne og Markabygda.

Skogn er det gamle namnet på det som i dag er Levanger og Mosvik kommunar. I yngre jarnalder (vikingtida) var namnet på området Skeynafylki. Området har alltid vore eit rikt jordbruksområde, og jordbruk er framleis ein viktig næringsveg i bygda.

Fram til 1836 tilsvara Skogn det som i dag er Levanger kommune bortsett frå Åsen. Då vart Levanger by skild ut som bykommune, og Levanger landsokn (seinare Frol) og Ytterøy vart skilde ut som eigne herad frå 1837.

I samband med kommunesamanslåingsprosessen på 50- og 60-talet vart det tale om å slå saman igjen herada og Levanger by til ein ny kommune. I tillegg vart Åsen herad med. Dette gjekk igjennom ganske udramatisk, mykje av di dei som planla å investere i ny papirfabrikk på Skogn la sterkt press for å få det til. Fire av kommunane gjekk saman i 1962, medan Ytterøy kom til i 1964.

Papirfabrikken på Fiborgtangen

Papirfabrikken Nordenfjelske treforedling starta i 1966, noko som vart oppstarten til Norske Skog.



Folk frå Skogn[endre | endre wikiteksten]

Skogn stasjonNordlandsbanen.
Foto: Alasdair McLellan

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]