Anders Langes Avis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Langes Avis (den tidlegare Hundeavisa) var ei avis om hundehald og politikk. Avisa fungerte i stor grad som Anders Lange sitt personlege talerøyr, og stod i det store og det heile for same politikken som det seinare Anders Langes Parti.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1947 vart Anders Lange sekretær i Norsk Kennelklubb og skipa seinare ein eigen kennel i Oppegård. I 1948 tufta han Hundeavisa. Avisa handla i byrjinga hovudsakleg om hundehald, men vart meir og meir open for politiske ytringar. Utover 60-talet vart den redaksjonelle profilen heilt endra og avisa vart omdøpt til Ander Langes Avis. Avisa hadde ein krass brodd mot det rådande politiske miljøet, og hovudsakleg retta mot skattar og avgifter og alle former for avgrensingar av det frie næringslivet, og inngrep i den enkeltes liv. Lange var sjølv kritisk til å føre utviklingshjelp, og redaksjonelt stod Anders Langes Avis for ein sterk politisk kritikk av opposisjonen mot det sørafrikanske apartheid-regimet og støtte til regimet.

Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.