Anders Martinus Erdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Martinus Erdal
Fødd11. mai 1856
Førde
Død1932
NasjonalitetNoreg
Yrkebonde, politikar
VervOrdførar i Naustdal 1920-1928
FøregangarBendik Erdal
EtterfylgjarElias Aamot

Anders Martinus Erdal (11. mai 185624. april 1932) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsrepresentant frå Førde i Sunnfjord.

Erdal var lærar og klokkar i Naustdal frå 1888 til 1923. Han kjøpte eit gardsbruk sentralt i bygda og dreiv dette ved sidan av lærargjerninga. Erdal var også ordførar i Naustdal og leiar av den lokale sparebanken. Han skipa eit branntrygdelag og stilte seg i spissen for å skipe folkehøgskulen Sunnfjord Ungdomsskule, der han var styreformann i 20 år. Også formann i Sunnfjord indremisjon i 16 år. Perioden 1916-18 var Erdal varamann til Stortinget frå einmnansskrinsen Sunnfjord. Valbolken 1919-21 var han Nordre Bergenhus sin 4. representant på Stortinget, vald for Venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]