Andrés Guardado

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andrés Guardado
Andrés Guardado.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn José Andrés Guardado Hernández
Fødd 28. september 1986
Fødestad Guadalajara
Høgd 169 cm
Posisjon Venstreving
Klubbinformasjon
Noverande lag
Deportivo La Coruña
Nummer 18
Ungdomsklubbar
1993-2005 Mexico Atlas
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005-07
2007-
Mexico Atlas
Spania Deportivo La Coruña
64 (6)
80 (10)
Landslag
2005- Mexico Mexico 48 (7)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. september 2009
‡ Landslagsmål oppdatert 9. september 2009

José Andrés Guardado Hernández (fødd 28. september 1986 i Guadalajara) er ein mexicansk fotballspelar som spelar for Deportivo La Coruña i spansk Primera division, og for det mexicanske landslaget. Guardado debuterte profesjonelt for klubben Atlas frå Guadalajara som 18-åring, i august 2005. Berre fire månader etterpå, i desember 2005, debuterte han for Mexico sitt A-landslag, mot Ungarn. Neste sommar var han med i Mexico sin tropp til fotball-VM i 2006, der han fekk éin kamp som innbytar.