Javier Hernández Balcázar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Javier Hernández Balcázar
Personleg informasjon
Fullt namn Francisco Javier Rodríguez Pinedo
Kallenamn Chicharito
Fødd 1. juni 1988
Fødestad Guadalajara
Høgd 172 cm
Posisjon Angripar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester United
Nummer 14
Ungdomsklubbar
1997-2006 Mexico Guadalajara
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006-08
2010-
Mexico Guadalajara
Manchester United
64 (26)
40 (19)
Landslag
2000- Mexico Mexico 33 (23)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. november 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 27. juni 2010

Javier Hernández Balcázar (fødd 1. juni 1988) er ein meksikansk fotballspelar som har spela for Manchester United. Kallenamnet hans, Chicharito, tyder den vesle erta.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Hernández starta karrieren sin i heimklubben Guadalajara som 11-åring i 1997, og heldt fram i klubben til han gjekk over til fyrstelaget i 2006. Frå 2006 til 2010 skåra han der 26 mål på 64 kampar.

Hernández vart teken ut til det meksikanske landslaget til fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Allereie vinteren før VM hadde Manchester United kjøpt spissen for å forsikra seg om at ingen andre kunne kjøpa han ved å sjå kor godt han gjorde det i VM. Han skåra to mål i meisterskapen, eitt i ein 2-0 siger over Frankrike, og eitt trøystemål då Mexico vart slått ut 1 - 3 av Argentina i ein åttandedelsfinale. Den statistiske analysen til FIFA synte at Hernández var den raskaste spelaren i heile verdsmeisterskapen det året. Han nådde ein toppfart på 32.15 km/t.

Hernández spelar no for Manchester United, og har fått ein strålande start der med 11 mål på 20 kampar så langt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipedia og Engelsk Wikipedia om Hernández.