Andreas Maastad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Maastad
Fødd2. august 1881
Trøgstad
Død17. mai 1973 (91 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde

Andreas Maastad (2. august 188117. mai 1973) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Båstad i Trøgstad. Han representerte BondepartietStortinget frå 1925 til 1945.

Maastad tok over farsgarden Måstad i Båstad i 1914, og dreiv denne i fleire tiår. Han var ordførar i Trøgstad herad 1923-25, og stortingsrepresentant for Østfold fylke frå 1925. På Tinget var han i den fyrste treårperioden medlem i protokollkomiteen, i den andre nestformann i same komiteen. 1931-33 var han nestformann i veg- og jarnbanekomiteen. Sidan 1934 var han formann i protokollkomiteen.

I tida 1935-52 var Maastad ordførar i representantskapen for Østlandets Melkesentral, og frå 1945 var han styremedlem i Hypotekbanken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]