Østfold fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Østfold fylke
fylke
fylkesvåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Adm.senter Sarpsborg
Areal 4 182 km²
 - land 3 922 km²
 - vatn 260 km²
Folketal 292 893 (1. januar 2017)
Folketettleik 75 / km²
Målform bokmål
Fylkesmann Anne Enger
Fylkesordførar Ole Haabeth (Ap)
Fylkesnummer 01
Norway Counties Østfold Position.svg
Wikimedia Commons: Østfold
Nettstad: www.ostfold-f.kommune.no

Østfold fylke er eit fylke i Noreg. Fylket er det søraustlegaste i landet og ligg på den austre sida av Oslofjorden, med grense til Akershus i nord og vest og til Sverige og dei svenske fylka Värmlands län og Västra Götalands län i aust.

Østfold har seks byar: Askim, Mysen, Fredrikstad, Halden, Moss og Sarpsborg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I vikingtida var området ein del av Vingulmark, som i sin tur var ein del av Viken og inkluderte Båhuslen. Det var delvis under svensk styre fram til Harald Hårfagre si tid.

Seinare, då Noreg var under dansk styre, delte den danske kongen området inn i mange len.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det gamle namnet til Oslofjorden var Fold, og tydinga til Østfold vert då 'fylket aust for Oslofjorden'. Dette namnet har røter attende til 1543. I mellomalderen var namnet på fylket Borgarsysla 'fylket til byen Borg (i dag Sarpsborg)'.

Seinare (under dansk styre) vart fylket kalla Smaalenenes Amt.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêret i Østfold er prega av ein viss terrengskjerming mot aust og at det ligg ope til mot Skagerrak og Oslofjorden i sør og vest. Den herskande vinden er frå nord til nordaust om vinteren og frå sør til sørvest om sommaren.

Middeltemperaturen varierer frå -3 til -5 °C i januar til 16–17 °C i juli. Om vinteren vil temperaturen ved kysten som regel kome opp kring –1 °C.

Årsnedbøren er stort sett 700–800 mm, med seinsommaren og hausten som den våtaste tida. På grunn av det høgareliggande terrenget i aust, fell det lite snø om vinteren, i tillegg til at mild luft frå sjøen ofte fører til smelting.

Fylket har ein god del tåke, særleg på hausten og vinteren, på grunn av nærleiken til sjøen.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
0101 Halden kommune Halden Halden 000000000030790.000000000030 790 642 bokmål Haldenregionen
0104 Moss kommune Moss Moss 000000000032407.000000000032 407 63 nøytral Mosseregionen
0105 Sarpsborg kommune Sarpsborg Sarpsborg 000000000055127.000000000055 127 406 bokmål Nedre Glomma
0106 Fredrikstad kommune Fredrikstad Fredrikstad 000000000080121.000000000080 121 288 bokmål Nedre Glomma
0111 Hvaler kommune Hvaler Skjærhalden 000000000004517.00000000004 517 90 bokmål Nedre Glomma
0118 Aremark kommune Aremark Fosby 000000000001398.00000000001 398 319 bokmål Haldenregionen
0119 Marker kommune Marker Ørje 000000000003597.00000000003 597 413 bokmål Indre Østfold
0121 Rømskog kommune Rømskog Rømskog 000000000000685.0000000000685 183 bokmål Indre Østfold
0122 Trøgstad kommune Trøgstad Skjønhaug 000000000005367.00000000005 367 204 bokmål Indre Østfold
0123 Spydeberg kommune Spydeberg Spydeberg 000000000005765.00000000005 765 142 bokmål Indre Østfold
0124 Askim kommune Askim Askim 000000000015720.000000000015 720 69 bokmål Indre Østfold
0125 Eidsberg kommune Eidsberg Mysen 000000000011406.000000000011 406 236 bokmål Indre Østfold
0127 Skiptvet kommune Skiptvet Meieribyen 000000000003783.00000000003 783 101 bokmål Indre Østfold
0128 Rakkestad kommune Rakkestad Rakkestad 000000000008173.00000000008 173 435 bokmål Indre Østfold
0135 Råde kommune Råde Karlshus 000000000007398.00000000007 398 119 bokmål Mosseregionen
0136 Rygge kommune Rygge Rygge 000000000015747.000000000015 747 74 bokmål Mosseregionen
0137 Våler kommune Våler Kirkebygda 000000000005335.00000000005 335 257 bokmål Mosseregionen
0138 Hobøl kommune Hobøl Elvestad 000000000005557.00000000005 557 140 nøytral Indre Østfold
Totalt Østfold fylke Østfold Sarpsborg 000000000292893.0000000000292 893 000000000004182.00000000004 182 bokmål Østfold

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]