Andreas Seierstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Seierstad
Fødd 24. november 1890
Død

1975

Yrke skribent

Andreas Pedersen Seierstad (fødd 24. november 1890 i Hedrum, død 15. juli 1975 i Oslo) var ein norsk teolog, bondestudent med haugiansk bakgrunn, målmann, kyrkjehistorikar og folkeminnegranskar.

Han vart uteksaminert frå Notodden lærarskule i 1911, der han også underviste periodevis, tok artium i 1916, cand.theol. i 1921 og dr.theol. i 1924, med avhandlinga Kyrkjelegt reformarbeid i Norig i nittande hundreaaret (Bergen, 1923). Same året vart han også dosent, og frå 1946 til 1960 arbeidde han som professor i kyrkjehistorie ved Menighetsfakultetet.

Han gav ut Olavsdyrking i Nidaros og Nord-Europa (1930) og mindre avhandlingar om den norske kyrkjehistoria, særleg i mellomalderen, reformasjonstida og på 1800-talet, og dei fleste av desse vart seinare trykte samla i Fedrearv og kristenkall (1965). Seierstad var også medredaktør i Tidsskrift for teologi og kirke (1930–1960), og medlem av Den midlertidige kirkeledelse (1943–1945).

Allereie som gut tok Seierstad for seg Det norske Folkesprogs Grammatik av Ivar Aasen, og vart dermed målmann. Miljøet på lærarskulen og det at han gifta seg med Anne Sørensen frå Lunde i Telemark styrkte også tilhøvet hans til landsmål.

Han var bror til Ivar Pedersen Seierstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]