Andromache

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andromache
Andromachi 2022.jpg
Fødd12. oktober 1994 (28 år)
FødestadSiegen
FødenamnΑνδρομάχη Δημητροπούλου
OpphavHellas
Aktiv2015–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar og låtskrivar

Andromákhi Dimitropoúlou (fødd 12. oktober 1994), kjend under artistnamnet Andromache, er ein gresk songar. Ho representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2022 med låten «Ela».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dimitropoúlou vart fødd i Siegen i Tyskland, men familien flytta til Lekhená i Hellas då ho var ti år gammal. Seinare flytta ho til Athen, der ho studerte tysk filologi ved Universitetet i Athen. Om kveldane song og opptredde ho på utestader og konsertlokale rundt om i hovudstaden.[1]

Dimitropoúlou vart kjend for eit større publikum i 2015, då hun deltok i den andre sesongen av The Voice of Greece.[2] Ho vann ikkje talentshowet, men to år etter sikra ho seg ein platekontrakt med Panik Records.[3] Same år slapp ho sin fyrste singel, «To feggári» (Το φεγγάρι; månen).[4]

Den 9. mars 2022 kunngjorde den kypriotiske kringkastaren CyBC at dei hadde vald Dimitropoúlou til å representere Kypros under Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[5] Ho konkurrerte med låten «Ela», men vart slått ut i semifinalen.[5][6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2017 – «To feggári»
  • 2018 – «Den mporó»
  • 2019 – «Den se diálexa»
  • 2019 – «Na ´Soun Pséma»
  • 2020 – «S´ agapó»
  • 2020 – «Thalassáki»
  • 2021 – «Vásano mou»
  • 2022 – «Ela»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ανδρομάχη Δημητροπούλου: «Ο Νίκος Οικονομόπουλος, η Eurovision και η επιθυμία για ένα παιδί!»». PatrisNews - Εφημερίδα Πατρίς Ηλείας (på gresk). 9. desember 2019. Henta 9. mars 2022. 
  2. «Ανδρομάχη Δημητροπούλου βιογραφικό σήμερα! Η προσωπική ζωή, η ηλικία, το ύψος, η καταγωγή, οι σπουδές, και τα κιλά». freegossip.gr (på gresk). 4. februar 2022. Henta 9. mars 2022. 
  3. «Cyprus: Andromache to Eurovision 2022 with "Ela"». Eurovisionworld (på engelsk). 9. mars 2022. Henta 9. mars 2022. 
  4. «Andromache - Cyprus - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 9. mars 2022. 
  5. 5,0 5,1 «Cyprus: Andromache will perform Ela at Eurovision 2022 🇨🇾». Eurovision.tv (på engelsk). 9. mars 2022. Henta 9. mars 2022. 
  6. «Second Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.