Eurovision Song Contest 2022
Eurovision Song Contest 2022 | ||||
---|---|---|---|---|
|
||||
Dato | ||||
Semifinale 1 | 10. mai 2022 | |||
Semifinale 2 | 12. mai 2022 | |||
Finalen | 14. mai 2022 | |||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Eurovision Song Contest 2022 (ESC 2022), offisielt 66. Eurovision Song Contest, vil vere den 66. gongen Eurovision Song Contest vert arrangert. Tevlinga vert arrangert i Pala Alpitour i Torino i Italia, etter at Måneskin vann tevlinga i 2021 med songen «Zitti e buoni».[1] Dette vert den tredje gongen Italia arrangerer tevlinga, etter at landet var vertskap for tevlinga i 1965 og 1991.
Semifinalane vert arrangerte 10. og 12. mai, medan finalen vert arrangert 14. mai.[1] Programleiarane for tevlinga er Laura Pausini, Alessandro Catellan og Mika.[3]
40 land skal deltake i Eurovision Song Contest i 2022.[2] Russland skulle opphavleg ha delteke i Torino, men 25. februar 2022 vart landet utestengt frå tevlinga som følgje av den russiske invasjonen av Ukraina 24. februar 2022.[4][5]
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Italia vann Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland med «Zitti e buoni» og gruppa Måneskin. Dette var tredje gongen Italia vann tevlinga, etter at Gigliola Cinquetti vant i 1964 med «Non ho l'età» og Toto Cutugno i 1990 med «Insieme: 1992». Som vinnar av 2021-tevlinga, vann Italia også retten til å arrangere Eurovision Song Contest i 2022. Dette vert den tredje gongen landet arrangerer Eurovision Song Contest. Tevlinga vert arrangert av den italienske ålmennkringkastaren Rai i samarbeid med Den europeiske kringkastingsunionen.
Format[endre | endre wikiteksten]
Produksjon[endre | endre wikiteksten]
Eurovision Song Contest 2022 vert produsert av den italienske ålmennkringkastaren Radiotelevisione italiana (Rai), i samarbeid med EBU. Claudio Fasulo og Simona Martorelli er sjefsprodusentar, mens Cristian Biondani og Duccio Forzano er produsentar for deo tre direktesendingane.[6][7]
Slagord, logo og visuelt design[endre | endre wikiteksten]
Slagordet for Eurovision Song Contest 2022, The Sound of Beauty (ljoden av venleik), vart offentliggjord 21. januar 2022. Det visuelle designet vart presentert under ein pressekonferanse 24. januar 2022.[8]
Den 22. november 2021 kunngjorde det Roma-baserte studioet Atelier at Rai hadde vald dei til å designe scena for tevlinga. Studioet har gjort liknande oppdrag tidlegare, blant anna Sanremo-festivalen i 2013 og 2019.[9] Dette er fyrste gongen sidan 2016 at scenedesignet i Eurovision vert utført av nokon andre enn den tyske designaren Florian Wieder.[10][11]
Programleiarar[endre | endre wikiteksten]
I eit intervju med det italienske nyheitsbyrået ANSA i desember 2021 stadfesta Stefano Coletta, kanalsjef i Rai 1, at programleiarane for Eurovision Song Contest 2022 skulle offentleggjerast under Sanremo-festivalen 2022.[12] Under Sanremo-festivalens andre show 2. februar 2022 stadfesta Rai at dei internasjonalt kjende artistane Laura Pausini og Mika, samt tv-personlegdomen Alessandro Cattelan vert programleiarar for Eurovision Song Contest 2022.[3]
Andre hendingar[endre | endre wikiteksten]
I tillegg til dei to semifinalane og finalen vert det fleire andre tilstellingar i Torino under Eurovision-veka. Den faste Eurovision-landsbyen, Eurovision Village, blir tevlingas offisielle festivalområde for besøkjande, fans og delegasjonar. Landsbyen skal etter planen liggje på Parco del Valentino, og her skal det haldast ei rekkje konsertar og tevlingar i dagane før finalen.[13]
Deltakande land[endre | endre wikiteksten]
Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]
Sytten land deltek i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai 2022 klokka 21:00 CEST. Dei ti beste bidraga kvalifiserer seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Frankrike og Italia skal framføre og røyste i denne semifinalen.[14] Russland skulle opphavleg ha delteke som det attande landet i denne semifinalen, men 25. februar 2022 vart det utestengt frå tevlinga som følgje av den russiske invasjonen av Ukraina dagen før.[15][16] Under er deltakarane i den fyrste semifinalen i rekkefølgja dei skal opptre.[17][18]
Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]
Atten land deltek i den andre semifinalen torsdag 12. mai 2022 klokka 21:00 CEST. Dei ti beste bidraga kvalifiserer seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Spania, Storbritannia og Tyskland skal framføre og røyste i denne semifinalen.[14] Under er deltakarane i den andre semifinalen i rekkefølgja dei skal opptre.[17][19]
Finalen[endre | endre wikiteksten]
Finalen vert arrangert laurdag 14. mai klokka 21.00 CEST, og 25 land deltek: de fem store landa (inkludert vertslandet Italia), dei ti beste frå semifinale 1 og dei ti beste frå semifinale 2. Under er landa som førebels er klare for finalen.[20] Vertslandet Italia trekte startnummer 9 under delegasjonsmøtet 15. mars 2022, mens den endelege rekkefølgja vert avgjord av produsentane og EBU så fort alle finalistane er klare 12. mai.[21]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Turin, Italy, to host the 66th Eurovision Song Contest in May 2022 🇮🇹». Eurovision.tv (engelsk). 8. oktober 2021. Henta 8. oktober 2021.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «REVEALED: the 41 countries joining Eurovision in Turin 2022 🇮🇹». Eurovision.tv (engelsk). 20. oktober 2021. Henta 20. oktober 2021.
- ↑ 3,0 3,1 «Eurovision 2022 Hosts: Laura Pausini, Alessandro Catellan and Mika 🇮🇹». Eurovision.tv (engelsk). 2. februar 2022. Henta 2. februar 2022.
- ↑ NTB (24. februar 2022). «Internasjonal fordømmelse av Russlands angrep mot Ukraina». www.abcnyheter.no (norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ «Russland utestenges fra Eurovision Song Contest». VG.no (engelsk). 25. februar 2022. Henta 25. februar 2022.
- ↑ Washak, James (27. desember 2021). «🇮🇹 Eurovision 2022: Directors for the Contest Revealed». Eurovoix (engelsk). Henta 22. januar 2022.
- ↑ Dammacco, Beppe (27. desember 2021). «Eurovision 2022: in regia ci sarà Duccio Forzano (e non poteva andarci meglio di così!)» (italiensk). Henta 22. januar 2022.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2022 theme revealed: The Sound of Beauty 🇮🇹». Eurovision.tv. European Broadcasting Union. 21. januar 2022. Henta 21. januar 2022.
- ↑ Granger, Anthony (27. november 2021). «Eurovision 2022: Atelier Francesca Montinaro Selected to Design Stage For Eurovision». Eurovoix (på engelsk). Henta 27. november 2021.
- ↑ Davidović, Nikola (27. november 2021). «Eurovision 2022: la scenografia del palco sarà realizzata da Atelier Francesca Montinaro». EIN (på italiensk). Henta 27. november 2021.
- ↑ Zefteridis, Giorgos (27. november 2021). «Eurovision 2022: Studio "Atelier Francesca Montinaro" stage designers for Eurovision 2022!». Eurovision Fun (på engelsk). Henta 27. november 2021.
- ↑ Granger, Anthony (3. desember 2021). «Eurovision 2022: Hosts to be Revealed After Sanremo». Eurovoix (på engelsk). Henta 3. desember 2021.
- ↑ Rossini, Federico (25. februar 2022). «Eurovision 2022: Eurovillage al Parco del Valentino» (italiensk). Henta 26. februar 2022. «Eurofestival News»
- ↑ 14,0 14,1 «Eurovision 2022: Which Semi-Final is your country performing in? 🇮🇹». Eurovision.tv (engelsk). 25. januar 2022. Henta 25. januar 2022.
- ↑ NTB (24. februar 2022). «Internasjonal fordømmelse av Russlands angrep mot Ukraina». www.abcnyheter.no (norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ «Russland utestenges fra Eurovision Song Contest». VG.no (engelsk). 25. februar 2022. Henta 25. februar 2022.
- ↑ 17,0 17,1 «Eurovision Song Contest 2022 Semi-Final running orders revealed!». Eurovision.tv (engelsk). 29. mars 2022. Henta 29. mars 2022.
- ↑ «First Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (engelsk). Henta 29. mars 2022.
- ↑ «Second Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (engelsk). Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Grand Final of Turin 2022». Eurovision.tv (engelsk). Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Italy will perform 9th in the Grand Final running order 🇮🇹». Eurovision.tv (engelsk). 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022.
- ↑ «Eurovision 2022: The Grand Final running order». Eurovision.tv (engelsk). 13. mai 2022. Henta 13. mai 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Eurovision Song Contest 2022» frå Wikipedia på bokmål, den 8. oktober 2021.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
