Ela av Andromache
| «Ela» Song av Andromache | ||
| Land | Hellas og Kypros | |
| Språk | Engelsk og gresk | |
| Utgjeve | 11. februar 2022 | |
| Sjanger | Pop, latinopop | |
| Lengd | 03:02 | |
| Selskap | Panik Records | |
| Komponist | Arash, Fifi, Giorgos Papadopoulos, Yll Limani, Robert Uhlmann | |
| Tekstforfattar | Alex P | |
| Låtskrivar(ar) | Alex Papakonstantinou, Arash, Eyelar Mirzazadeh, Fatjon Miftaraj, Filloreta Raçi Fifi, Geraldo Sandell, Giorgos Papadopoulos, Robert Uhlmann, Viktor Svensson, Yll Limani | |
|---|---|---|
«Ela» (gresk skrift Έλα, norsk omsetjing 'kom igjen') er ein song frå 2022 som vert framført av den greske songaren Andromache. Songen vart internt vald av den kypriotiske ålmennkringkastaren CyBC til å vere det kypriotiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Ela» er ein latinopoplåt med vers på engelske vers og refreng på gresk. Songen er skriven av eit internasjonalt låtskrivarteam som har levert ei rekkje Eurovision-bidrag tidlegare. Alex Papakonstantinou har blant anna skrive «Fuego» som Kypros fekk ein andreplass med i 2018, mens Arash deltok for Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2009.[1]
Songen og artisten Andromache vart internt valde av kringkastaren CyBC til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2022. Artisten og songen vart annonserte under ei tv-sending 9. mars 2022, mens musikkvideoen vart lagd ut på YouTube-kanalen til Panik Records dagen etter. 11. mars 2022 vart songen tilgjengeleg på alle strøyme- og salgsplattformar.[1]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]«Ela» deltok i den andre semfinalen av Eurovision Song Contest, torsdag 12. mai 2022. Der blei songen nummer 12 av 18 bidrag. Sidan songen ikkje vart blant dei ti beste i semifinalen, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.[2][3]
Sceneframsyninga og framføringa i Eurovision var regissert av koreografane Marvin Dietmann og Dan Shipton.[2]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]| Liste (2022) | Høgaste plassering |
|---|---|
| 45 | |
| 76 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Cyprus: Andromache will sing "Ela" at Eurovision 2022». wiwibloggs (på engelsk (USA)). 2022-03-09. Henta 2022-03-13.
- 1 2 «Cyprus: Andromache will perform Ela at Eurovision 2022 🇨🇾». Eurovision.tv (på engelsk (Storbritannia)). 2022-03-09. Henta 2022-03-13.
- ↑ «Second Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk (Storbritannia)). Henta 2022-06-19.
- ↑ «IFPI Charts». ifpi.gr. Arkivert frå originalen 24 May 2022. Henta 5 September 2022.
- ↑ «2022 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 20 May 2022. Henta 20 May 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Ela (Andromache-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2022.
- CS1-kjelder på engelsk (USA) (en-us)
- CS1-kjelder på engelsk (Storbritannia) (en-gb)
- CS1-kjelder på litauisk (lt)
- Eurovision Song Contest 2022-songar
- Greske songar
- Kypriotiske Eurovision Song Contest-songar
- Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar
- Greskspråklege Eurovision Song Contest-songar
- Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar