Andrzej Kiwala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Andrzej Kiwala (fødd 12. august 1951) er ein opphavleg polsk filmteknikar med svært lang fartstid, både innan polsk og norsk filmproduksjon.

Andrzej Kiwala er fødd i Łódź. [1] I Polen arbeidde han som laboratoriesjef innan filmproduksjon i 22 år. Han vart deretter headhunta til Noreg, der han arbeidde for Nordisk Film i Nydalen i Oslo. [2]

Kiwala er i fylgje seg sjølv blant dei beste i Noreg på sitt arbeidsfelt. [3] Han har særleg jobba innan fargelegging og lyssetjing. For arbeidet sitt vann han Gullklapperen under utdelinga av Amandaprisen 2010. [4] Fra 2011 arbeider i Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]