Hopp til innhald

Nydalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nydalen
bydel
Eit parti av Nydalen med Akerselva i framgrunnen. Tidlegare var dette ein del av området som jarnverket Christiania Spigerverk («Spikerverket») disponerte, og Akerselva var då lukka på denne strekninga.
Land  Noreg
Kart
Nydalen
59°56′55″N 10°46′10″E / 59.94861111°N 10.76944444°E / 59.94861111; 10.76944444
Wikimedia Commons: Nydalen

Nydalen (opphavleg kalla Nygårdsdalen, tidlegare Ellendalen og i mellomalderen Fallandadalen[1]) er eit strok på båe sider av nordre parten av Akerselva i Oslo, i Bydel Nordre Aker. Frå å ha vore eit typisk industristrok som utvikla seg på 1800-talet med både tekstilfabrikkar som Nydalens Compagnie og jarnverket Christiania Spigerverk, har det på slutten av 1900-talet vorte totalt endra til eit strok med kontorverksemder og bustadblokker. Frå 2005 har Handelshøyskolen BI hatt hovudsete i Nydalen.[2]

Kart over Nydalen frå år 1900.
Nydalen T-banestasjon
Foto: Kjetil Ree

Akerselva renn gjennom området. Elva var tidlegare energikjelde for fabrikkar, tilgrisa av avfallsvatn og overbygd på store strekningar av fabrikk- og lagerbygningar. I nyare tid har ho vorte opna att, reinska for skadeleg tilsig og lagt til rette for både bading og fisking.

Mykje av areala i Nydalen er i privat eige, inklusive gategrunnen. Trafikkskilta innafor det private området er ikkje dei offisielle, sjølv om dei liknar, men med andre farger, og handhevinga av reglane skjer på privatrettsleg grunnlag.

Kommunikasjon

[endre | endre wikiteksten]

Eit par-tre bussliner går inn i Nydalen. Jarnbanelina Gjøvikbanen har haldeplass i Nydalen, og T-banen har stasjon her, Nydalen stasjon.

  1. Oslo byleksikon side 402
  2. Oslo byleksikon side 230

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]